Dauden til lammet blei verken vakker eller rask. Feilen er din og min | Kirsti Karina Dahl Sæternes
I sumar jobba eg som strandryddar. Lite gjorde meg so skaka opp som dette funnet.
Lat meg fortelje deg om eit av Daudens andlet. Du veit godt om det, men ein kvir seg gjerne frå å dvele for mykje over det.
For denne gongen er ikkje Dauden med svart kappe slemmingen, og me mennesker er ikkje offeret med uskuld. Denne gongen er det me som ber kappa.
Meiningslaus daud
I sumar jobba eg langs kysten og på øyer som strandryddar. I fire veker stod eg med baken i veret og plukka rusk og rask etter privatpersonar og næring. Mengdene søppel er oppskakande.
Lite gjorde meg so skaka opp som eit av funna. Som oppfostra på gard veit eg godt at daud og liv går hand i hand. Dei kan ikkje eksistere utan kvarandre. Men dauden i dette tilfellet er so komplett meiningslaus.
Sauen hadde sete seg fast i pakkeband. Det er ikkje eit altfor uvanleg funn som strandryddar, at dyr har sete seg fast, men dyra er då stort sett i live og me kan få dei laus utan at dei blir skadde.
Dette dyret hadde vore der lenge. Det var meir enn daudt.
Søppel drep
Lat meg fortelje deg litt om dyret: etter storleiken å døme var det eit lam. Ingen horn – altså søye. ID-merka var borte, teke med vind eller rovdyr.
Dauden til dette lammet blei nok verken vakker eller rask. Kanskje svelt ho ihel. Meir sannsynleg tiltrakk ho seg rovfugl der ho sto fast.
Eg er ikkje fjern frå å handtere dauden reint fysisk. Likevel gjekk det hardt innpå meg å måtte rive og slite laus pakkebåndet frå jord, kvist og sau.
Bonden blei sjølvsagt varsla. Og nei, det er ikkje bonden si skuld. Eg veit fleire som vil argumentere med at dyra har fått for dårleg tilsyn. Men sjølv om forskriftene er blitt følgde og bonden gjer det som krevst, er søppel likevel farleg.
Feilen er din og min. Slutt. Å. Kast. Søppel. I. Naturen.
Selv om regjeringen stadig skuffer i klimakampen, kan kommuner gå foran. Stem riktig!
Som veganer er jeg vant til å diskutere. Ett spørsmål har vært min kryptonitt
Amazonas brenner, men regjeringen er mest opptatt av å redde bilen
13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.