SiD

Er det så vanskeleg å tenkje seg ein mann med vagina? | Vetle Mikkelsen

  • Vetle Mikkelsen (20)
Illustrasjonsfoto. Det er ikkje berre mannskroppar og kvinnekroppar som er ulike, skriv Vetle Mikkelsen.

Si ;D-innlegg: Når det kjem til penis og testiklar, vert eg litt overraska over kor oppteken Ottosen er av kjønnsorgana til folk.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Espen Ottosen er nok ein gong på trykk i Aftenposten med eit innlegg som kritiserer lovforslaget om skifte av juridisk kjønn.

Lovforslaget går ut på at ein skal kunne skifte juridisk kjønn utan å måtte kastrere seg, i motsetnad til korleis det har vore til no.

Praksis har vorte fordømt som eit brot på menneskerettane.

Er det noko ein kan lese ut ifrå Ottosen sitt innlegg, er det at her er han på djupt vann. «Penis, testiklar og helskjegg skal altså ikke lenger hindre meg fra å kunne bli en kvinne» skriv han.

Mi sak

Lat meg fyrst få seie at det er mange cis-kvinner, som identifiserer seg med det kjønnet dei fekk tildelt ved fødsel, som får ansiktshår, og til og med heilskjegg.

Når det kjem til penis og testiklar, vert eg litt overraska over kor oppteken Ottosen er av kjønnsorgana til folk. Om eg har penis eller vagina er vel mi sak, og ikkje noko Ottosen treng å bry seg om.

Om eg har penis eller vagina er vel mi sak

For å illustrere kor «absurd» det er at folk skal kunne skifte juridisk kjønn utan å kastrere seg, har Ottosen konstruert ein stråmann med heilskjegg, penis og testiklar, som vil utnytte det nye lovverket for å delta i OL som kvinne.

Lovforslaget skal vareta dei mest marginaliserte

Eg meiner det er meir absurd om nokon vil utnytte eit lovforslag som skal vareta ei av dei mest marginaliserte gruppene i Noreg. Heldigvis er folk som stråmannen til Ottosen sjeldne.

Eg er også sikker på at OL og liknande konkurransar ville ha oppretta eigne rutiner for å handtere slike situasjonar.

Det er påfallande at Ottosen føler eit såpass sterkt behov for å framheve dei påståtte biologiske skilnadane mellom menn og kvinner. Det er ikkje berre mannskroppar og kvinnekroppar som er ulike.

Alle kroppar er ulike, og alle kjønnsorgan er ulike. Er det verkeleg så vanskeleg å tenkje seg ein mann med vagina eller ei kvinne med penis?


Les flere innlegg skrevet av Vetle Mikkelsen:


Kortfilm om dating etter kjønnskorrigerende kirurgi


Hør den nyeste episoden av Si ;D-podkasten!

Seksuelle overgrep - og tiden etter

Ane Vangens (20) overgrepsmann ble nylig dømt til fire ås fengsel.

Camilla anmeldte to voldtekter i løpet av ett år, men begge sakene ble henlagt.

Sammen med Lisa Arntzen, sosionom i Dixi, gjester de oss denne uken for å fortelle om tiden etterpå.

Slik blir du abonnent:

  • For iTunes: Trykk her
  • Android eller annen telefon? Søk på Si ;D i din podkast-app.
  • Soundcloud: Trykkher

Les mer om

  1. Kjønn