SiD

Nei, #metoo er ikkje eit resultat av seksuell frigjering på 60-talet | Mai Lene Fløysvik Hæåk

  • Mai Lene Fløysvik Hæåk (21)

#metoo handlar ikkje om at det skjer fleire overgrep no. Det handlar om at overgrepa kjem fram i lyset, skriv Mai Lene Fløysvik Hæåk (21). Foto: AP PHOTO

Si ;D-innlegg: Historieforteljinga som seier at seksuell frigjering har ført til overgrep og seksuelt grenseoverskridande åtferd, er ikkje sann.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Dei siste vekene har det vore mange som har skrive at grunnen til at #metoo har oppstått og i det heile tatt er naudsynt, er manglande seksualmoral og at samfunnet har gått bort kristen samlivsetikk.

Som ein del av historieforteljinga blir det snakka om før og etter 60-talet, før og etter den seksuelle revolusjonen. Før var alt bra, men så kom 60-talet og alt vart verre.

«Alt var betre før»

Det er mykje som kan seiast om seksuelle frigjering, og langt frå alt er positivt. Til dømes skreiv Eline Lund Fjæren i Morgenbladet 24. januar om idealiseringa av uforpliktande sex og stilte spørsmålet om sexlivet til unge jenter er meir disiplinerande enn frigjerande.

Fjærens refleksjonar kring temaet er viktige og viser korleis ein kan ha ei kritisk tilnærming til uforpliktande sex, men likevel avvise myten om at alt var betre før.

For det er jo nettopp det mange av kronikkskrivarane vil fortelje: At før hippiar, fri sex og Tinder var alt som det skulle vere.

Grenser og respekt

Sanninga er at me kan ikkje gå rundt og tru at fram til 60-talet var alt berre fint og flott, og at overgrep var ikkje-eksisterande fordi alle følgde den kristne samlivsetikken.

Tvert i mot opplevde mange, spesielt jenter, at grensene dei sette, ikkje vart respekterte. Dei hadde ingen stad å gå og ingen å vende seg til for å seie at dei hadde opplevd overgrep. Vart dei gravide, kunne dei ikkje rekne med store støtta om dei ikkje var gifte.

Les også

#powerblind: Hva makten gjør med oss (menn)

I åra etter andre verdskrigen opplevde mange kvinner å sakte, men sikkert få stadig enklare liv, og at dei kunne delta i samfunnet i langt større grad enn tidlegare.

I tillegg kom p-pilla på marknaden, eit hjelpemiddel som gjorde det lettare for kvinner å sjølv bestemme kor tid dei skulle få barn og kor mange dei skulle få. Ikkje minst er det med åra blitt langt større openheit omkring seksualitet.

Foto: leungchopan / Shutterstock / NTB scanpix

Fram i lyset

#metoo-kampanjen starta nettopp som ein kampanje om openheit for dei som har opplevd seksuell trakassering.

Frå starten av har det vore offera som har vore i fokus, og to små ord er blitt eit sterkt verkemiddel for å fortelje om eigne erfaringar med seksuelle overgrep.

Det er enno ein lang veg å gå, men i større grad enn før seier folk i frå når dei har opplevd valdtekt eller andre former for grenseoverskridande åtferd. Fordi dei kan rekne med å bli tatt seriøst og bli trudd på.

Les også

«Presidentklubben» skulle ha sin årlige herremiddag. For første gang var det noen som fortalte hva som skjedde på veldedighetsmiddagen.

Det er mange årsaker til dette, og eg vil ikkje hevde at 60-talet og seksuell frigjering er grunnen til at me i dag ser ein kampanje som har hatt følger verda over.

Men historieforteljinga som seier at seksuell frigjering har ført til overgrep og seksuelt grenseoverskridande åtferd, og som legg til grunn «at alt var betre før», er heller ikkje sann.

#metoo handlar ikkje om at det skjer fleire overgrep no. Det handlar om at overgrepa kjem fram i lyset.


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Sex
  2. Seksualitet

Relevante artikler

  1. SID

    Et år etter #metoo: Problemet med Harvey Weinstein var ikke at han ordla seg klønete på julebord

  2. SID

    Christine Evjen: Det er pinlig at skolen ikke tar mer ansvar

  3. SID

    Den nye emneknaggen #sheknew truer #metoo

  4. SID

    Mye skremmer meg med denne mannsdominerte verden, men én ting er i alle fall sikkert

  5. SID

    Vi er feminister, og vi skal endre russetiden

  6. VERDEN

    Weinstein dømt til 23 års fengsel for voldtekt og seksuelt overgrep