SiD

Det vert ikkje betre om me held skattelistene hemmeleg | Emil Aksvik Hosøy

  • Emil Aksvik Hosøy (19)
    Medlem av Raud Ungdom
Utan skattelistene vil det verta vanskelegare for journalistar å avsløra skattesvindel og korrupsjon, skriv Emil Aksvik Hosøy (19).

Si ;D-innlegg: Her er tre gode grunnar til ikkje å fjerna skattelistene frå nett.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

På Si ;D 5. desember argumenterer Håkon Andreas Flydal (20) frå Unge Høgre for at skattelistene ikkje lenger bør vera offentlege. I hovudsak meiner han at personvern her burde bety meir enn ytringsfridom og økonomisk openheit.

Ei slik utvikling vil vera svært uheldig av fleire grunnar.

Les også

Les innlegget: Klassen samlet seg rundt PC-en for å sjekke hva foreldrene tjente

Vanskelegare for journalistar

For det første vil det gjera det vanskelegare for journalistar å avsløra skattesvindel og korrupsjon.

I sin tur vil dette igjen gjera korrupsjon av statleg tilsette og politikarar enklare, sidan inntektene til korkje dei eller veljarane deira er offentleg informasjon.

For det andre vil det danna eit endå større tabu rundt det å snakka om inntekter. Sjølv i dag er det slik at mange har vanskar med å diskutera med andre kva dei tener, særleg om dei skulle vera ekstraordinære på dette området.

Vanskelegare for arbeidstakarar

Dette tabuet vil truleg verta sterkare om staten skulle støtta opp om det. Det byr på problem, fordi det gjer det enklare for arbeidsgivarar å løna tilsette ulikt, noko som vil ha særleg uheldige konsekvensar når det kjem til forholdet mellom kvinner og menn.

Når ein ikkje veit noko om kva andre i bedrifta tener, er det vanskeleg å be om lønsauke. I ei tid med veikare fagforeiningar vil ikkje ei slik utvikling vera god for den gjengse arbeidstakar.

Kjenner meg igjen

For det tredje kan ikkje alle andre omsyn vika for frykta for mobbing. I dette tilfellet burde ytringsfridomen vera førsteprioritet. Eg kjenner meg sjølv att i situasjonen Flydal skriv om, der elevar samlar seg kring datamaskina for å sjå på inntektene til foreldrene til kvarandre.

Eg hugsar også at heile saka var gløymd etter eit par dagar.

Om ein verkeleg vil ha ei løysing på at born vert mobba på grunn av inntektsnivå, finst det ei betre løysing enn hemmeleghald: å utjamna ulikskapane.


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Kanskje vil disse Si ;D-innleggene også interessere deg:

Les også

  1. Du er fra Blærum, ja! | Vilma Halstenstad Stovner

  2. Er betalingen viktigere enn gode karakterer? | Oscar Almquist

  3. Det er naivt å tro at kontantstøtten skaper store forskjeller | Mehmet Kaan Inan

Les mer om

  1. Skatteetaten
  2. Skattelistene
  3. Personvern