SiD

Kjende du krisa då ho kom? | Emilie Hansen

  • Emilie Hansen (18)
    Barne- og ungdomsambassadør for Redd Barna

Om ikkje vi har «nok ressursar» til å ta imot menneskjer i naud, kven har det då? spør Emilie Hansen (18). Foto: Stein Bjørge / Privat

Si ;D-innlegg: Vi lever i den.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Kjære politikarar, storting og regjering. No er de alle på plass. Gratulerer til dei som vart gjenvalde, til dei som no er komne i regjering og til alle dykk som kom inn på Stortinget. Eg håpar at de brukar posisjonen de sit i på ein god måte. Lat meg utdjupe.

Kva gjer Noreg?

Vi lever midt i ei krise. Kanskje kjende du det ikkje då ho kom, men faktum er at vi alle har levd, lever og truleg kjem til å leve i denne krisa ei god stund til: Flyktningkrisa. Sjå det føre dykk: Millionar av born som måtte flykte frå heimen sin, frå tryggleik.

Kva gjer Noreg for å hjelpe desse?

Det Noreg har gjort, er å fjerne «rimelegheitsvilkåret», noko som gjorde det vanskelegare å få opphaldsløyve i landet vårt. No kan vi sende ungdom tilbake til stader dei aldriv har vore før.

«Nok ressursar»

Korleis tek Noreg sin del av det internasjonale ansvaret på denne måten? Slik eg ser det, har det viktigaste målet med norsk asyl- og innvandringspolitikk dei siste åra vore at færrast mogleg menneskjer skal kome hit og få asyl.

Om ikkje vi har «nok ressursar» til å ta imot menneskjer i naud, kven har det då?

Mine ynskjer til den nye regjeringa er at dei skal kjempe for at Noreg skal bli ein betre stad å vere, ikkje berre for folk flest, men for alle – uansett bakgrunn. Eg ynskjer at de skal føre ein politikk som vi kan vere stolte av i ettertid, i staden for noko vi skjemst over når komande generasjonar les om det i historiebøkene.


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Foto: Stein Bjørge / Privat

Les mer om

  1. Si ;D
  2. Innvandring
  3. Ungdom
  4. Politikk