Taliban i Noreg handlar om å redde liv

  • Dordi Lerum (19)
Talibans delegasjon landet lørdag kveld på Gardermoen. I forgrunnen utenriksminister Amir Khan Muttaqi som ønskes velkommen av norske myndigheter.

Dialog er einaste realistiske veg ut. Viss ikkje er alternativet våpen, liding, hungersnaud og tap av menneskeliv.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Push-varselet «Taliban på vei til Norge i privatfly» lyste opp på telefonen min laurdag ettermiddag. Ei ganske absurd overskrift. Men sjå på bakgrunnen for besøket før du ropar høgt om kor horribelt dette er.

Då Nato trakk seg ut av Afghanistan i august i fjor, overtok terrororganisasjonen Taliban styringa av landet på dramatisk vis. Etter dette har kåra for menneska som lev i landet, kanskje aldri vore verre.

FN reknar med at halve befolkninga vil bli ramma av hungersnaud denne vinteren. Heile 97 prosent av befolkninga kan kome til å leve i ekstrem fattigdom innan juli. Millionar av afghanarar er på flukt, jenter blir nekta skulegang, og demokrati er nærast ikkje-eksisterande.

Situasjonen kan på kort tid gå frå å «berre» vere krise til å bli heilt katastrofal.

Ingen anerkjenner Taliban. Likevel er vi nøydd til å gå i dialog med dei som de facto styrer landet, skriver Dordi Lerum (19).

No tek vestlege land initiativ til å prøve å gjere verda fredelegare og elendigheitene færre. Og forhandlingane går føre seg i Noreg.

For fyrste gong skal representantar frå Afghanistan si sivilbefolkning, diplomatar frå USA og Europa og altså Taliban møtast for dialog. Målet er å gjere den grufulle situasjonen i Afghanistan betre. Dersom det ikkje skjer, kjem det til å føre til tap av liv og ytterlegare uro. Ingen er tent med krig og elende i Afghanistan, heller ikkje vi i Noreg.

Ingen anerkjenner Taliban. Likevel er vi nøydd til å gå i dialog med dei som de facto styrer landet. Situasjonen i Afghanistan slik den er no, kan ikkje halde fram. Dialog er einaste realistiske veg ut. Viss ikkje er alternativet våpen, liding, hungersnaud og tap av menneskeliv. Då er sju millionar kroner for eit noregsbesøk ein liten sum å betale.

Det handlar om å redde liv.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først. Hold deg saklig!