Kva skjedde med retten til privatliv?

  • Amalie Fure
    Amalie Fure
    Elev, videregående skole
Debattanten mener norske medier ikke respekterer Justin Biebers privatliv. Her er han under et arrangement i New York i 2021. Innfelt: Skjermdumper fra artikler i Dagbladet og VG under Biebers norgesbesøk i begynnelsen av august.

Det er ganske sjokkerande å sjå korleis fleire norske mediehus behandlar kjendisar som Justin Bieber og Jakob Ingebrigtsen.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Artisten Justin Bieber heldt konsert i Trondheim 7. august, og kort tid etter tok friidrettsutøvaren Jakob Ingebrigtsen gull i München.

At både konserten og EM i friidrett fekk mykje merksemd, ser eg på som heilt naturleg.

Men korleis privatlivet deira blir tråkka ned på i mange norske medier, er hårreisande.

Da Bieber var i Trondheim, var det mykje saker om ein båttur og eit besøk på kafeen Godt Brød. Ved bakeriet samla fansen seg fordi dei elskar han, og medier som TV 2 og Dagbladet. For kva? Flest mogeleg lesarar?

Ein fridag i Stryn

Eg kan sjølv bli «starstruck» og skjønnar godt at alle vil ha ein bit av desse kjendisane. Likevel håpar eg mediebransjen forstår at det finst grenser for kor mykje ein toler at privatlivet blir grave i og bretta ut.

Eg skjønnar også at det er stort at ein internasjonal kjendis kjem til Noreg. Likevel er Bieber berre eit menneske, og han har rett til privatliv - same kor internasjonalt kjend han er.

Bieber var på ferie i Stryn i 2016, og fleire mediehus verka overraska over at besøket var så hemmeleg. Er det verkeleg so overraskande? Han hadde éin fridag og reiste til «the middle of nowhere» for ein grunn: for litt ro og fred. At det ikkje var mogeleg for NRK, TV 2, Se & Hør og Dagbladet å respektere, er skuffande.

«Gullguten» i München

Jakob Ingebrigtsen var naturlegvis i medias søkelys før, under og etter EM. I forkant blei det kalla inn til ei digital pressekonferanse, og her kom han med eit premiss: Han ville snakke om EM og om seg sjølv. Trass i skriftleg beskjed i forkant og to munnlege undervegs fekk han ifølgje TV 2 fire spørsmål om familien og forholdet til faren Gjert.

Etter 5000-meteren verka fleire ganske overraska da han gjekk forbi store delar av pressa. «Gullguten» gav eitt NRK-intervju og nokre ord til internasjonale rettighetshavarar, «men i pressesona gikk han forbi alt som var av norsk presse», skreiv NRK.

Og det synst folk var rart? Det som er rart, er at fleire mediehus forventar at han skal stille opp på intervju og pressekonferansar når dei sjølv ikkje ser ut til å bry seg om andres grenser.

Dette er eit lite bilete av eit altfor stort problem. Kva skjedde med punkt 4.3 i Ver-varsam-plakaten, som seier ein skal visa respekt for menneskes privatliv? Kor langt har deler av norske medier tenkt å gå før dei viser det overfor Jakob, Justin og andre offentlege personar?


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først.