Kva er alternativet til dagens eksamensordning? | Herdis Auestad Nergaard
Det er nødvendig å teste kva eleven kan i norsk - sjølv om det kan ende med seks karakterar på vitnemålet.
«Til nå har jeg fem norskkarakterer på vitnemålet. På tide med eksamensreform?» spør Vegard Tysseland på Si ;D.
Men argumentasjonen sviktar, og det er ikkje tydeleg kva han vil ha i staden for dagens ordning.
Fleire mattekarakterar
Tysseland startar med å kritisere norskeksamenane, bla. fordi han vil ende opp med fem, om ikkje seks, norskkarakterar på vitnemålet. Sidan elevar er flinke i ulike fag, meiner han at der er urettferdig. Dette er ein tåpeleg måte å argumentere på. For viss ein skal byrje sånn, må ein òg fjerne matematikkeksamen, sidan ikkje alle er like flinke i matematikk.
Viss ein skal bli lærar, må ein ha karakteren 4 i snitt. Dette vil gjere det urettferdig for dei elevane som kjem opp i eksamen i både VG1 og VG2, skal ein følgje hans argumentasjon.
Fikse gymsalane
Tysseland vi at ein skal vektleggje faga på ein annan måte enn i dag. Eg meiner at norsk er eit viktig fag, og at det er nødvendig å teste kva eleven kan, sjølv om det kan ende med så mange karakterar. Kva innhaldet i norskfaget skal vere, er ein annan diskusjon, men det er veldig viktig å kunne formulere seg presist, både skriftleg og munnleg.
Debattanten skildrar også ventilasjonsanlegga i gymsalane som forferdelege. Men då er det gymsalane det må gjerast noko med, ikkje eksamensordninga. I tillegg blir elevane stressa av å ete bananer, fordi dei er redde for at det kan vere juks.
Eg trur svært få elevar opplever at dei blir overvaka, og det er nok ikkje den største stressfaktoren under eksamen. Og det er faktisk sånn at elevane må passast på, for mange vil nok jukse viss dei får moglegheita.
Hvorfor skal eksamenskarakterene stå på vitnemålet til VGS-elever? spør Linn Isabel Eielsen
13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.