Regjeringa ser ikkje viktigheita av språk | Dordi Boksasp Lerum
Regjeringa vil fjerne undervegsvurderinga i sidemål. Dette er eit svik mot elevane.
I Noreg har me to målformer: nynorsk og bokmål. Gjennom heile grunnskulen og vidaregåande skal ein lære seg begge formene. Når ein går ut av vidaregåande, skal ein meistre båe like godt.
Eg skulle sjølvsagt ynskje det stemte at alle er like gode i sidemålet som hovudmålet sitt etter vidaregåande opplæring. Likevel treng ein ikkje vere korkje nynorskhatande tenåring frå Oslo eller professor for å skjønna at det ikkje stemmer.
Difor hadde eg gledd meg til fagfornyinga skulle koma. Eg hadde håpa på at Sanner kunne nytte høvet til å gjera noko med sidemålsopplæringa.
Diverre sviktar regjeringa på nesten alle punkt.
Dei vil fjerne halvtårskarakteren for elevar i 8. og 9. trinn på ungdomsskulen og på Vg1 og Vg2. Dette er både uklokt og korttenkt. Eit svik, rett og slett.
Eg meiner det bør vere ei elevrettigheit å vite korleis ein ligg an i fag undervegs. Når regjeringa vel å fjerne undervegsvurderinga i sidemål, resulterer det i at opplæringa blir dårlegare, og at statusen til norskfaget blir senka.
Korleis hadde folk reagert dersom det var naturfag, matte eller historie ein ikkje fekk halvtårskarakter i? Kvifor er det akkurat sidemålskarakteren som vert råka?
Eg skulle ynskje Sanner og resten av regjeringa kunne sjå viktigheita av språk. Det er viktig for Noreg som nasjon at alle meistrar båe målformene. Eg kan iallfall med handa på hjartet seie at eg møter på mitt sidemål – bokmål – kvar dag, og dersom eg ikkje hadde meistra bokmål, hadde det ikkje berre vore uheldig for meg som enkeltperson, men også for heile storsamfunnet.
Det blir eit samfunnsproblem dersom ikkje kommunikasjonen er god nok.
Fagfornyinga i norsk er inga fagfornying. Ved å fjerne sidemålskarakteren går me eit langt steg attende.
Her kan du lese mer om saken:
Eg er ung nynorskjournalist i 2019. Er eg utryddingstrua?
Jeg skal lære nynorsk. Jeg håper det blir en god opplevelse.
Nye læreplaner i skolen: Mer praktisk skoledag for de yngste
13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.