SiD

Sidemålsdebatten er fylt av kunnskapslause påstandar om nynorsk | Guro Stordrange

  • Guro Stordrange (22)

Skjermdump fra Facebook

Si ;D-innlegg: No skal eg prøva å ta knekken på nokre av dei.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

I januar la Høgre og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram eit programutkast i januar der dei foreslo å fjerne karakter og eksamen i sidemål. Sidemål. Sidemål. Sidemål.

Resultatet vart som før – ein debatt om nynorsk. Du kan også kalle det rykteflaum. Denne gongen var det kjendisveterinæren Trude Mostue som forsøkte å ta eit oppgjer med «den helvetes nynorsken» på Facebook.

I kommentarfeltet på sida hennar verserer det mange rykte om målforma, til dømes:

Skjermdump fra Facebook

Ein ting skal vere sikkert: Det vert litt dumt å skulde på nordlendingane. Mor mi er frå Helgeland, men eg kan liksom ikkje kjefte på ho neste gong det går litt i surr med inkjekjønnsbøyinga. Det finst ikkje éin nordnorsk kommune som nyttar nynorsk som hovudmål.

Her har me ein gjengangar:

Skjermdump fra Facebook

I tillegg til:

Skjermdump fra Facebook

Nynorsk er ikkje meir oppkonstruert eller kunstig enn andre skriftspråk – som dansk, bokmål eller samisk. Ein kan skulde på Ivar Aasen for nynorsken, eller ein kan skulde på Knud Knudsen for bokmålet.

Det er ingen som snakkar nynorsk

Eit velkjend rykte tek utgangspunkt i at ingen snakkar reint nynorsk. Dette er faktisk heilt sant. Ingen gjer det. Nynorsk er ikkje ei dialekt, og ingen snakkar heller nynorsk. Ikkje snakkar folk bokmål heller for den saks skuld.
Med så mange ukorrekte påstandar er det ikkje rart at «Bygde uhyret» kjende seg erta av Mostue, som skreiv følgjande:

Skjermdump Facebook

... og ja:

Skjermdump Facebook

Seks ting å tenkje på

Kall meg gjerne bygdeuhyr med nisselue. No skal eg dra den opp og forklare korleis du kan sjå ting frå mi og andre uhyr si side:

1) Det finst ei verd utanfor «Ring 3» (som har forandra seg, ja), der nynorsk faktisk er i dagleg bruk.

2) Det finst generasjonar (som også har forandra seg), som har nynorsk som hovudmål.

3) Det finst stadar der skilt, aviser og plakatar er på nynorsk nettopp fordi nynorsk er føretrekt.

4) Det finst folk som tek dette personleg, då det er som eit angrep på deira identitet.

5) Det finst elevar som har bokmål som sidemål (og som slit med det) – tru det eller ei.

6) Det finst menneske som tek til orde nynorsk utan å vere fanatiske fordi dei kjempar for rettane til eit skriftspråk som er jamstilt med majoritetens.

Når alle negative, fordomsfulle og kunnskapslause rykter og påstandar om nynorsk er lagt til side, kan ein ta fatt på sidemålsdebatten. Fram til då skal eg sitje her med nisselua godt tredd nedover hovudet.

Innlegget ble først publisert på Framtida.no.


Her kan du lese mer om nynorsksituasjonen i dag:

  1. Les også

    Elever bruker data-oversettelse til å jukse med nynorsken

  2. Les også

    Anelin Strømholm: Altfor mange elevar er så dårleg i nynorsk etter seks års opplæring at dei helst ikkje bør ytre seg i offentlegheita.

  3. Les også

    Oscar (14): Trodde du at nynorsk er bortkastet? Tro om igjen. Nynorsk er en bonuspakke!

  4. Les også

    Fikk du med deg denne? Nynorskforkjemperen Jens Brekke nekter å betale bot på bokmål

Les mer om

  1. Nynorsk
  2. Facebook
  3. Språk

Relevante artikler

  1. SID

    Tea Berg (17): Bokmålsbrukarar, lat meg fortelje kor privilegerte de faktisk er!

  2. DEBATT

    Nynorskfaget må ut

  3. SID

    Du kan ikke velge bort nynorsk bare fordi det er vanskelig

  4. SID

    Svarer Dordi Lerum (17): Dei nye læreplanane lyftar sidemål

  5. SID

    Et brev fra en frustrert bokmålsbruker

  6. SID

    Nok er nok, politikarar. La oss sleppe tvang.