Kvifor i all verda skal vi hetse Sophie Elise Isachsen? | Vetle Mikkelsen
Si ;D-innlegg: Ein vinn ikkje kampen mot skjønnheitstyranniet ved å henge ut éin enkelt rosabloggar, som openbert sjølv er eit produkt av utsjånadspress.
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.
Ja, Isachsen poserer i bileta sine. Det gjer den store majoriteten av bloggarar, skriver artikkelforfatter. Foto: sophieelise.blogg.no
Nyleg vart det publisert ein kronikk på Journalisten.no, under tittelen «Hvorfor i all verden skal vi støtte Sophie Elise Isachsen?»
Kronikken var skriven av Anki Gerhardsen, som fleire gongar i laupet av kronikken presterer å gå til personangrep på Sophie Elise.
Det er usmakeleg, og ein burde kunne forvente seg betre av ein erfaren journalist.
Forfattaren seksualiserer henne
For dei som ikkje har lese kronikken: Gerhardsen kritiserer norske medier for å «framsnakke» Sophie Elise, ho kritiserer Sophie Elise for å vere eit dårleg førebilete, for at ho har tatt plastisk kirurgi og for at ho visstnok er med på å påverke den yngre generasjonen negativt.
Vetle Mikkelsen (19).
For å sitere Gerhardsen si skildring av Sophie Elise sin blogg: «Det er en orgie i selvdyrking med sminke, shopping, klær og pornolignende posering.» Ikkje nok med at Gerhardsen kjem med personangrep på Isachsen – ho seksualiserer henne altså òg.
Ja, Isachsen poserer i bileta sine. Det gjer den store majoriteten av bloggarar.
Ikkje nok med at Gerhardsen kjem med personangrep på Isachsen – ho seksualiserer henne altså òg.
Men Isachsen si posering vert av ein eller annan grunn, kanskje på grunn av utsjånaden hennar, kategorisert som «pornoliknande.»
I kronikken vert det argumentert for at Sophie Elise har ein negativ innverknad på den yngre generasjonen, både når det kjem til utsjånadspress og oppmuntring til kosmetiske inngrep.
Andre måtar å vinne kampen på
Gerhardsen har rett i at utsjånadspress er eit stort problem blant dagens unge, og at fleire vurderer å gjennomføre kosmetiske inngrep for å leve opp til dei urealistiske skjønnheitsideala i samfunnet.
Eg ser likevel ikkje kva Gerhardsen har å vinne på å henge ut ein enkeltperson på den måten ho gjer i sin kronikk.
Ein vinn ikkje kampen mot skjønnheitstyranniet ved å henge ut ein enkelt rosabloggar som ganske openbert sjølv er eit produkt av enormt utsjånadspress.
Ein vinn ikkje kampen mot skjønnheitstyranniet ved å henge ut éin enkelt rosabloggar, som openbert sjølv er eit produkt av utsjånadspress
Ein vinn kampen mot skjønnheitstyranniet ved å ta opp kampen mot retusjert reklame, mot objektiviseringa av menneskekroppen og mot storkapitalen som tener pengar på at folk har dårleg sjølvtillit.
Eg er likevel einig med Gerhardsen på eit punkt: Kritiske medier er alltid eit pluss, sjølv når det kjem til rosabloggarar.
Det er berre synd at dette poenget forsvinner i eit mylder av personangrep og grove hersketeknikkar.
Lese mer om Sophie Elise Isachsen?
Stemmen til taxisjåføren sprakk. Kanskje var du redd jeg var en av dem som tenkte terroren i Paris var din feil? skriver Sophie Elise.
Sophie Elise (20) har gått fra rosablogging til flyktningkrise
Følg Aftenposten Si;D påFacebook,Twitterog Snapchat (aft.sid)
Vetle Mikkelsen (19)