SiD

Seksuell trakassering er ikkje berre eit Ap-problem, men eit samfunnsproblem | Hamza Ali

  • Hamza Ali (17)

Utfallet har også vist kor alvorleg slike saker blir tekne i partiet, skriv Hamza Ali (17). Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / privat

Si ;D-innlegg: Som ungdom i dag gjer det strekt inntrykk når ein får slike varslar om ein av Noregs fremste politikarar.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Dei siste vekene og månadene har det vore ein stor debatt om #metoo-kampanjen og korleis den har påverka Arbeiderpartiet.

Eit maktproblem

I lys av dette har samfunnet vårt satt fokus på dei ulike utfordringane knytt til seksuell trakassering, som me i altfor mange år har vore tause om. For mange har dette vore ei utruleg vanskeleg tid.

Nokon står nemleg bak kvar enkelt varsel i denne rørsla, noko me aldri skal ta for gitt. Denne kampen er Ap langt ifrå aleine om.

For meg er dette ikkje berre eit Ap-problem, men eit samfunnsproblem og eit maktproblem. Kvar dag utsetjast menneske for seksuell trakassering, på skulen, arbeidsplassen, på fritida og til og med heime, ofte kvinner.

Ikkje akseptabelt

For tida gjennomgår Arbeiderpartiet varslane mot ein av partiets tidlegare sentrale tillitsvalte, Trond Giske.

Når partileiar Jonas Gahr Støre og partisekretær Kjersti Stenseng har behandla sakene, har dei uttrykt at seksuell trakassering ikkje er akseptabelt i partiet.

Utfallet av denne saka har også vist kor alvorleg slike saker blir tekne i partiet. Dette er noko som er essensielt for partikulturen i framtida også.

Ein kultur for å ta varslarar på alvor.

Har forfæra oss

Som ungdom i dag gjer det strekt inntrykk når ein får slike varslar om ein av Noregs fremste politikarar. Mange har i ulike saker om seksuell trakassering over heila verda uttalt at det i mange slike situasjonar handlar om maktkamp; det er eg sterkt ueinig i.

Dei som varslar om det, bør utan tvil sleppe å få høyre det argumentet. Sanninga er: Denne kampanjen har forfæra oss og gitt oss eit heilt anna bilete av korleis verd vi lever i er.

Eg håpar at andre partifeller og samfunnet generelt tar dette til seg og reflekterer rundt korleis ein oppfører seg.

Når det er sagt, trur eg no på lysare tider i partiet. Arbeiderpartiet og AUF skal kjempa i lag for eit meir likestilt og rettferdig Noreg.

Likestilling kjem ikkje av seg sjølv – heller ikkje i Arbeiderpartiet. No er tida inne for endring.


Dette er Giske-saken:

Les også

  1. Tidslinje over Giske-saken

  2. Trond Giske trekker seg som Ap-nestleder

  3. Striden om Giske er ikke over - nå starter kampen om historien


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

Les mer om

  1. Trond Giske
  2. Arbeiderpartiet (Ap)
  3. Seksuell trakassering
  4. Giske
  5. Jonas Gahr Støre