Unge som bur i bokmålsdominerte område, blir for lite eksponerte for nynorsk

Debattantene mener det er en stor utfordring at flere av de største medieplattformene ikke skriver nynorsk.

Me er heilt vanlege elevar frå bokmålsland, og me blir provoserte av at det ikkje blir gjort meir.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Denne veka markerte me den nasjonale nynorskskrivedagen. Difor har me igjen lyst til å løfta fram kampen om nynorskens plass i samfunnet.

Nynorsken har ei sentral rolle i norsk kulturarv og historie. Likevel er mange bokmålselevar i dag tilsynelatande negative til den. Når enkelte ungdomsparti kjem med orda «fuck nynorsk» eller går til kamp mot sidemålskarakteren, er det ikkje rart det blir vanskeleg for mange elevar ikkje å sjå på nynorsken som noko negativt.

Å måtte læra seg eit nytt framandspråk som fransk eller tysk når ein byrjar på ungdomsskulen, er krevjande i seg sjølv. Men plutseleg å måtte ha kontroll på eit heilt anna skriftspråk i tillegg?

Hadde det ikkje vore betre om me introduserte unge for båe skriftspråka tidlegare, slik at det ikkje blir ein så stor utfordring for elevane når dei kjem på ungdomsskulen?

For lita eksponering

Nynorsken har hatt eit ufortent dårleg rykte sidan starten. Diverre blir nynorsken framleis undertrykka i dag.

Det er ei stor utfordring at fleire av dei største medieplattformene ikkje skriv nynorsk og heller ikkje tillèt tilsette som har nynorsk som hovudmål, å bruka det. Vil me leve i eit samfunn kor eit av skriftspråka våre berre skal sjåast og brukast på NRK, i andre offentlege kanalar og i nokre få lokalaviser?

I dag er dei fleste unge i bokmålsdominerte område for lite eksponerte for nynorsk. Dei fleste sosiale medium er på bokmål. Det same med nyheiter og bøker. Faktisk vart berre seks prosent av alle barnebøker gjeve ut på nynorsk i fjor.

Rekordmange medlemmer

Men me ser at mange ynskjer nynorsk. I fjor fekk Noregs Mållag, som aktivt jobbar for nynorsk, rekordmange medlemmar. Årsaka var mellom anna at nokre av ungdomspartia under valkampen kom med lovnader om å gjere sidemål friviljug, og «fuck nynorsk»-plakatane til Framstegspartiets Ungdom.

Me som skriv dette innlegget, er sjølv opptekne av nynorsk. Sjølv om me ikkje har nokon «god» grunn til det.

Me er ein heilt vanleg askerbæring og ein heilt vanleg bæring som bur midt i bokmålsland, og som blir provoserte av at det ikkje blir gjort meir for å bevare ein så viktig del av den norske kulturarven.

Språk er makt, og makt er språk. La oss markere den nasjonale nynorskskrivedagen i lag denne veka. Men frå neste veke av må vi fortsetje kampen mot å la ein viktig del av vår kulturarv døy ut.


13–21 år? Si ;D-redaksjonen er alltid interessert i å lese hva du mener! Send ditt debattinnlegg til sid@aftenposten.no. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først. Hold deg til saken!