E-sport må inn i læreplanen! | Harald Nyland
Det finst gode grunnar til at dataspel bør bli ein del av skulen.
Dei nye læreplanane skal legge til rette for utvikling av digitale ferdigheiter som programmering og god digital dømekraft. Då kan vi spørje oss sjølv: Kvifor er ikkje dataspel tatt med i læreplanen?
Tal frå Medietilsynet viser at 96 prosent av gutar og 63 prosent av jenter i alderen 9–18 år speler dataspel.
Dette er ein fantastisk ressurs som må inn på pensum!
E-sport på skulen vil hjelpe mange med å balansere det vanskelege skilet mellom hobby og skule. Samtidig kan det medføre at fleire fullfører vidaregåande på normert tid.
Mange fordommar
Ein av grunnane til at mange vegrar seg for å ta det inn i læreplanen, kan vere at det er mange fordommar mot dataspel. Det er synd. For e-sport krev både strategiske og fysiske ferdigheiter, gode rutinar og godt kosthald. Slik som alle andre toppidrettar.
Ein må aldri undervurdere kva som ligg i dataspel, for det er ein ressurs som næringslivet vil spørje etter i åra framover. I dagens samfunn er det meste digitalisert, noko som gjer det ekstremt viktig å halde følgje.
Lærer ikkje elevane det mest grunnleggande innanfor digitale ferdigheiter, vil det føre til store konsekvensar på sikt.
Meistringsfølelse er viktig
Difor vil dataspel vere eit godt tiltak. Slik kan elevane få utfordre seg på ulike konsollar, lære seg korleis dei ulike systema fungerer og sjå korleis dette kan vere relevant for arbeidslivet.
På Firda Vidaregåande i Gloppen Kommune har dei sett i gang eit pilotprosjekt der dei ynskjer å tilby e-sport. Der får elevane velje e-sport som eit programfag, på lik linje med elevar som får velje mellom fotball og handball. Elevane sit ikkje berre med dataspel, men dei må også legge opp dagen strukturert, slik som mange andre toppidrettsutøvarar.
Dette har medført at elevane for bruke sin kunnskap og hobby innanfor skulen. Elevar som slit og elles ikkje føler på noko meistringsfølelse, kan få dette igjennom dataspel. Denne meistringsfølelsen kan elevane ta med i andre fag som til dømes matematikk og engelsk.
Difor må dataspel inn i læreplanen!
13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innan tre dagar. Dersom du ynskjer å vere anonym, må du oppgi dette tydeleg i mailen. Her kan du lese meir om å sende inn innlegg til oss.