Sian bruker ytringsfridommen til å kvele demokratiet

  • Peter Alvsvåg (21)
Politiet tar hånd om en motdemonstrant under Sian-markeringen på Festplassen i Bergen lørdag 22. august.

Alt kunne vore unngått i Bergen om Sian ikkje hadde fått løyve om å spreie hat.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Laurdag hadde Stopp islameringen av Norge (Sian) ei markering på Festplassen i Bergen. Til markeringa kom det mange motdemonstrantar for å demonstrere mot Sian og deira hatefulle ytringar.

Under ein av appellane til Sian klatra fleire motdemonstrantar over sperringa som politiet hadde sett på plass, og angreip Sian-leder Lars Thorsen. Han datt og skada hovudet sitt. Seinare brukte politiet tåregass mot motdemonstrantane for å få situasjonen under kontroll.

Handlingane til både politiet og
motdemonstrantane har seinare vorte kommentert og kritisert.

Trengde ikkje oppstå

Det mange ikkje ser, er at denne situasjonen ikkje trengde å oppstå med det første.

Motdemonstrantane kjem for å demonstrere mot Sian si spreiing av hat. Dei er der som ein reaksjon.

Politiet hadde ikkje behøvd å bruke tåregass om Sian ikkje hadde fått lov til å ytre hat på offentleg plass.

Problemet er at nokon ser det som eit brot, at Sian ikkje får lov å snakke offentleg.

Karl Popper, ein vitskapsfilosof frå 1900-talet, skreiv i The Open Society and Its Enemies om eit paradoks, det han kalde «Toleransens paradoks».

Peter Alvsvåg (21).

Kort samanfatta lyder paradokset slik: «Dersom vi er uinnskrenka tolerante, sjølv mot dei som er intolerante, dersom vi ikkje er budd til å forsvare et tolerant
samfunn mot de intoleranses angrep, så vil de tolerante bli tilintetgjort, og toleransen med dei.»

Sian fremjar ikkje demokratiet

Sian, med sine ytringar, spreier intoleranse overfor muslimar. Det inviterer valdelege haldningar og tankesett mot muslimar og alle som minner om ein. Det er gift for samfunnet, og det hindrar ordentleg og konstruktiv debatt rundt ordentlege sosiale
problem i Norge.

Alle har rett på å ytre seg, ytringsfridomen er eit verktøy som me har tilgang til for å fremje demokratisk debatt. Men Sian bruker verktøyet me alle har, ikkje for å
fremje demokratiet, men for å kvele det med hat og vald.

Når politiet då lar Sian snakke, og ikkje stoppar dei i å spreie hat, så stiller politiet seg bak ytringane til Sian og viser at det er OK å spreie hat og gift i samfunnet.

Skada Sian-medlemmer, tåregass og vald var alle ting som kunne vore stoppa om Sian ikkje hadde fått lov til å snakke offentleg i det heile.

Alt kunne vore unngått i Bergen om Sian ikkje hadde fått løyve om å spreie hat i første omgang.

Les også

Dette er ikke religionskritikk. Det er hat og fordommer. | Amanda Anvar


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.