SiD

Skal vi ha ein ruspolitikk som gjer det enklare for folk å byrje med narkotika?

  • Dordi Boksasp Lerum (18)
    Dordi Boksasp Lerum (18)
    Leiar i Møre og Romsdal Senterungdom

På bildet har Venstre-leder Guri Melby (midten) og helseminister Bent Høie (H) nettopp lagt frem forslaget til ny rusreform. Debattanten frykter konsekvensene vil bli store dersom det går igjennom. Foto: Heiko Junge / NTB

Det er skremmande å tenkje på at eg i framtida skal reise på fest der narkotikaen flyt rundt, utan at det er straffbart.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Regjeringa vil at ein skal kunne gå rundt med fleire titals brukardosar til eige bruk i lomma utan å bli straffa for det. Er dette god ruspolitikk, eller ei gåvepakke til hasjrøykande partyungdom?

Dei fleste er einige om at tunge rusmisbrukarar skal få hjelp. Med dette forslaget frå regjeringa fryktar eg at terskelen for kjøp og sal av narkotika blir mykje lågare. Noko som fyrst og fremst går ut over usikre ungdomar og vaksne som tek feil val. Skal vi ha ein ruspolitikk som gjer det enklare for folk å byrje med narkotika?

Skremmande tanke

Bruk av narkotika har store konsekvensar for enkeltindividet, for familie og venner, nærmiljø og for samfunnet som heilskap. Narkotika øydelegg heile liv og heile familiar. Tunge rusmisbrukarar må få hjelp, men straff kan vere eit viktig verkemiddel for å hindre folk i å byrje å utforske narkotika i utgangspunktet. Når ein no fjernar politiets moglegheit for å straffe dei som brukar narkotika, er eg redd det vil auke bruken av narkotika i befolkninga.

Eg er sjølv ungdom og synst det er skremmande å tenkje på at eg i framtida skal reise på fest der narkotikaen flyt rundt, utan at det er straffbart. Då forslaget var ute på høyring, var politiet tydelege på at dei frårådar denne reforma, fordi den tek frå dei mange av verkemidla dei har for å avdekke bruk og besittelse. Dei meiner også at reforma vil gjere det vanskelegare å hjelpe barn og unge i risikosona.

Dordi Boksasp Lerum (18), leiar i Møre og Romsdal Senterungdom. Foto: Privat

Kvar er logikken?

For å setje ting i perspektiv: Med det nye forslaget vil det altså vere straffbart å drikke alkohol på offentleg plass, men ikkje å bruke narkotika. Kvar er logikken i det?

Vi må kunne ha to tankar i hovudet på ein gong. Vi må hjelpe dei tunge rusmisbrukarane som er sjuke og treng hjelp, samstundes som at vi må kunne stoppe dei som røyker hasj på fest fordi det er «lættis». Hovudmålet med ruspolitikken bør vere at så få som mogleg skal bruke narkotika. Ikkje å gjere det enklare å bruke.

Les også

Har du fått med deg vårens skrivekonkurranse?


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

Les mer om

  1. Narkotikapolitikk