SiD

Det er systemet som sviktar, ikkje elevane

  • Eirin Miljeteig Helgesen (20)
    Eirin Miljeteig Helgesen (20)
    sentralstyremedlem i Sosialistisk Ungdom.

Eirin Miljeteig Helgesen i Sosialistisk Ungdom mener det er absurd at vi har et opptakssystem som ikke tar høyde for relevante karakterer. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Det er mogleg å bli ein god psykolog, utan å ha toppkarakterar i gym.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

1. september skreiv John Petter Svevik frå Unge Høgre i Si ;D at det er mangel på disiplin som er årsaka for knuste utdanningsdraumar. Dette er å pisse på heile generasjon prestasjon.

Det er absurd at vi har eit opptakssystem som ikkje tar høgde for relevante karakterar. Dette fører til eit konstant jag etter ekstrapoeng på vidaregåande skule, som hever snittet på høgare utdanning og gjør det lettare å falle av.

Skulen er ein institusjon som bør sørge for å jamne ut økonomiske forskjellar. Slik er det ikkje i dag.

Ikkje latskap

Frå barneskulen og oppover ligg barn av akademiske foreldre omtrent alltid betre an enn barn som ikkje har foreldre med høgare utdanning.

Ved å gjere spennet for å kome inn på høgare utdanning endå høgare vil dette berre styrke sosial og økonomisk ulikskap. Høgresida ønskjer ein skule der foreldra dine si utdanning påverkar kva du sjølv kan bli.

Å anta at elevar ikkje vil jobbe med fag dei synast er kjedelege, er ein stråmann som ikkje høyrer heime i debatten om framtidas skule. Skulen bør vere eit stad for læringsglede der elevar kan dyrke og finne ut av kva dei ønskjer å gjere i framtida.

Sosialistisk Ungdom meiner at me treng eit opptakssystem der dei relevante karakterane gjeld, fordi det er trass alt dei som er viktig for kva ein studerer.

Ikkje god i alt

Svevik skriv at «Vil du inn på et prestisjestudium i dag, er du nødt til å levere godt i alle fag». Dette er verkelegheita, men det er også sjølve essensen i problemet. Systemet i dag tar ikkje høgde for at menneske har ulike kvalitetar, og at de aller fleste ikkje er god i alt. Det tar heller ikkje høgde for at me har ulike føresetnader for denne prestasjonen.

Det argumenterast for ein konkurransebasert skulegang, men utdanningssystemet skal ikkje vere «survival of the fittest». Med å ha eit opptak basert på relevante karakterar vil ein også sørge for meir mangfald på enkelte studium og på lengre sikt ein betre arbeidssektor.

Eirin Miljeteig Helgesen (20), sentralstyremedlem i Sosialistisk Ungdom. Foto: Privat

Då kan yrkesgrupper, som særleg lege, psykolog og så vidare, spegla større deler av befolkninga. Representasjon på tvers av klassebakgrunn kan på denne måten sikre meir tillit mellom dei som nyttar seg av tenestene. At fleire kjem inn på førstevalet sitt, vil altså ha stor samfunnsnytte.

Det er mogeleg å bli ein god psykolog utan å ha toppkarakter i gym. Systemet med snittkarakter ser ikkje dette. Derfor burde me heller hatt eit opptakssystem der relevante karakterar tel mest. Ein burde også i større grad praktisert opptaksprøver og intervjuar på studium der det er trongt om plassane. Slik får man eit opptakssystem som faktisk ser deg for kva du er god for.

Les også

Folk ser ned på oss som går yrkesfag

Les også

Vi må slutte å presse alle gjennom det samme skolesystemet

Les også

Til deg som snakket frekt til meg på engelsk


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Skole og utdanning
  2. Samordna opptak
  3. Generasjon prestasjon

Relevante artikler

  1. SID

    «Jeg var for dårlig til å danse, så jeg kom ikke inn på psykologi. Derfor tar jeg opp fysikk.»

  2. SID

    Fritt skolevalg vil ødelegge skolegangen for mange elever

  3. NORGE

    Per og Kristine flytta frå kvarandre etter at dei gifta seg

  4. SID

    Fraværsgrense i ungdomsskolen straffer elevene

  5. SID

    Mange elever opplever at lærere ikke bare vurderer dem etter hva de presterer faglig

  6. KOMMENTAR

    Å erstatte lærebøker med Ipad for 5-åringar fortoner seg som ein sci fi-dystopi