SiD

17. mai kan vere tung for dei som er einsame | Christian Fredrik Borg

  • Christian Fredrik Borg (15)
    Christian Fredrik Borg (15)
    2. plass i skrivekonkurranse

Det er faktisk ikkje så vanskeleg å inkludere andre slik at dei får ein betre nasjonaldag, skriver debattanten. Foto: SiljeAO / Shutterstock / NTB scanpix

Einsemd er vanskeleg å sjå. På dagar som 17. mai må vi vere ekstra oppmerksame.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.
  • Denne teksten kom på 2. plass i vår 17. mai-talekonkurranse for ungdom.

No er det sjølvaste 17. mai. Dagen vi skal feire, føle gleda over å vere norske og kose oss med venner og familie.

Flagga blir vifta frå morgon til kveld. Nasjonalkjensle og tilhøyrsle på sitt beste. Desse følelsane er det mange som ikkje får kjenne på.

Nokon vel å sitte inne og trivst med det, medan andre meir enn gjerne vil vere med, men ikkje finn sin plass.

Andre har ei funksjonsnedsetjing eller er blitt innhenta av alderdommen, som gjer det vanskeleg å komme seg ut og ta del i feiringa.

Rundt om i Noreg er det mange som lever aleine og ikkje har nokon å vere med. Det kan vere naboen over gata, pensjonisten i nabohuset som mista mannen året før, eller han du trur gjer ungdomsstrekar i etasjen under.

Like ille som høgtider

Einsemd er vanskeleg å sjå, og mange tar på ei maske når dei er på skulen og jobb. Men når dei kjem heim, kjem også følelsen av at ingen vil vere med dei.

I media kjem det fram at ekstra mange føler seg einsame rundt høgtidene, men det som ikkje blir snakka om, er at enkeltdagane, kor ein feirar nasjonen og samhaldet, er vel så ille.

Foto: Privat

Ei undersøking fra i fjor viste at kvar tredje student følte seg einsam. Mørketala er truleg store, men levekårsundersøkinga frå 2017 viser at 16 prosent av befolkninga over 16 år føler seg einsame.

Same undersøking viser at over dobbelt så mange uføre slit med einsemd enn snittet. I tillegg til den heilt vanlege mannen i gata er det desse særleg einsame gruppene som må inkluderast på slike dagar.

Ikkje vanskeleg

Det er faktisk ikkje så vanskeleg å inkludere andre slik at dei får ein betre nasjonaldag og føler samhaldet på eit anna vis enn gjennom TV.

Ein time, eller kanskje berre nokon minutt, kan gjere stor forskjell, spesielt for eldre.

Eit eineståande eksempel på dette er Follorussen. I år valde knutestyret å innføre ein «omsorgsknute», som inneber at russen frivillig stiller opp ein time kor dei møter dei eldre til ei koseleg stund på eldreheimen, og gjerne tar dei med på ein tur med bussen etterpå.

Brennande engasjement som dette gjer meg utruleg glad.

Små tiltak

Men det er også så mykje anna det er mogleg å gjere. Ein kan invitere heile lokalsamfunnet til 17. mai-feiring på skulen.

Nesten like enkelt er det å endre ruta til 17. mai-toget. Kva med å leggje ruta forbi eldreheimen eller andre institusjonar kor det uansett er roleg på nasjonaldagen, og kanskje ta ein stopp der?

Einsemd er vanskeleg å sjå og eit tabubelagt tema, men små ting kjan hjelpe.

Eg håpar du har lyst til å gje litt av deg sjølv og gjere dagen betre for andre, men også deg sjølv. Følelsen av å hjelpe og glede andre er fantastisk!

Saman kan vi gjere ein forskjell, og 17. mai er ein dag for alle, for det er trass alt det norske folket og at vi blei ein egen sjølvstendig nasjon, vi feirar.

Gratulerer med dagen, Noreg!


Juryens begrunnelse: Dette er en varm og inspirerende tale. Christian Fredrik løfter frem et viktig og tabubelagt tema, som mange av oss glemmer å tenke på når vi skal feire nasjonaldagen. Talen viser at ensomhet ikke alltid er synlig, og skribenten kommer med flere forslag til hva vi kan gjøre.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. 17. mai-konkurranse
  2. 17. mai
  3. Ensomhet

17. mai-konkurranse

  1. NORGE

    Havarikommisjonen: Mangelfullt vedlikehold av bremser bidro til veteranbilulykken på Rjukan

  2. SID

    Du er et forbilde. Ikke glem det.

  3. SID

    For å si det rett ut: Vi er et utrolig bra land!

  4. SID

    Brunost er ikke godt, og Munch er oppskrytt. Gratulerer med nasjonaldagen!

  5. SID

    Jeg vil ikke se ispapir som flyter rundt på bakken 17. mai!