SiD

Fortener ikkje pedofile betre?

  • Pauline (17)

Burde vi ikkje ta tak i overgrepa før dei faktisk vert utført og får gjort skade? spør Pauline (17). Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: At dei vert stempla som monster, gjer det ikkje lettare for dei å søke hjelp.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

I haust vart heile Noregs befolkning skjelvne etter avsløringar knytt til barnepornografi og overgrep mot born. Kvifor nokon blir pedofile, er det ingen som veit, men uansett kva som er årsaka, er det eit stort samfunnsproblem. Både overgrep og oppbevaring av barnepornografi vert straffa med harde dommar. Viss det vert oppdaga. Viss det er tilstrekkeleg med bevis.

Det blir derimot gjort for lite for å førebyggje overgrepssaker.

Stempla som monster

Talet på pedofile er større en kva ein skulle tru: Ei rekkje undersøkingar viser at så mange som ein til tre prosent av vaksne menn har pedofile fantasiar. Det betyr det at dei fleste av oss kjenner nokon som er pedofile. Kanskje er det naboen din, bestevennen din eller deg sjølv.

Dessverre er behandlingstilbodet til pedofile nærmast ikkje-eksisterande

Det er kanskje berre eit fåtal pedofile som faktisk utfører overgrep mot born, eller ønskjer å utføre overgrep. Mange er redde for sine eigne tankar og ønskjer ikkje å vere til skade for andre.

Dessverre er behandlingstilbodet til pedofile nærmast ikkje-eksisterande: I Hanne Østli Jacobsens Morgenbladet-artikkel Alene i forbudte tanker kjem det fram at det er knapt med forsking rundt pedofili, at mange psykologar og psykiatrar ikkje ønskjer å arbeide med pedofile og at ein ikkje veit kva for behandling som gir best effekt.

At dei som har pedofile tankar, vert stempla som monster, gjer det nok ikkje lettare å nytte seg av dei få tilboda som er.

Førebygging er viktig

Dei siste to åra har det vore mykje fokus på at ein burde drive med førebygging knytt til valdtektsmenn i staden for førebygging knytt til valdtektsoffer. Burde vi ikkje gjere det same for å hindre seksuelt misbruk av barn? Burde vi ikkje ta tak i overgrepa før dei faktisk vert utført og får gjort skade? Fortener ikkje pedofile betre? Fortener ikkje born som er potensielle offer, betre?


Les mer om tematikken:

Les også

  1. Jente (21): Kjære naive, godtroende forelder: Du tar grundig feil

  2. Torben Chris: Kjære forskremte mennesker: At en far bader med sin datter, er ikke pedofili

  3. Psykolog: Pedofile legitimerer egne lyster når de er flere sammen


Seksuelle overgrep – og tiden etter

Ane Vangens (20) overgrepsmann ble nylig dømt til fire ås fengsel.

Camilla anmeldte to voldtekter i løpet av ett år, men begge sakene ble henlagt.

Sammen med Lisa Arntzen, sosionom i Dixi, gjester de oss denne uken for å fortelle om tiden etterpå.

Les også

Her kan du høre alle Si ;D-podkastene!


Slik blir du podkast-abonnent:

— For iTunes: Trykk her

— Android eller annen telefon? Søk på Si ;D i din podkast-app.

— Soundcloud: Trykk her

Les mer om

  1. Overgrep
  2. Seksuelt misbruk
  3. Barn og unge
  4. Voldtekt