Du har sett meg når eg har hatt ein tung dag
Med vennleg helsing din elev.
Kjære lærar.
Ja, du ja!
Du veit kven du er.
Du som har sett meg.
Og eg har sett deg òg, skjøner du.
Berre ikkje vore heilt vaksen nok til å fortelje deg om det eg har sett så uendeleg stor pris på.
Du har lært meg om jødedom og islam, men mest av alt har du lært meg å tåle og respektere menneske i alle fargar og fasongar.
Du har lært meg å rekne, men viktigare enn det er det at du har lært meg at det ikkje alltid finnast eit konkret svar, og nokre gongar i livet finnast det fleire løysingar og svar på det same problemet.
Du har lært meg om blomar og tre i naturen, men også kor viktig det er å ta vare på jorda vår og dyra og menneska som bur her saman med oss.
Du har lært meg det engelske språket, men like mykje om verda rundt meg og korleis eg skal forhalde meg til den.
Du har lært meg å analysere dikt og skrive tekstar, men mest av alt korleis å snakke og bli høyrt. Og lytte og forstå.
Du har lært meg om krig og konfliktar gjennom tidene. At å slå og sparke er stygt, å seie unnskyld er viktig, og at det å vere snill med andre kan vere avgjerande i situasjonar både i klasserommet og i verda generelt.
Du har sett meg når eg har hatt ein tung dag, høyrt på meg når eg har hatt noko å fortelje, og du har leia meg gjennom tretten år med skule.
Du er ikkje berre lærar i norsk, engelsk, naturfag, samfunnsfag eller matte.
Du er også lærar i livet, og eg kan verkeleg ikkje tenke meg noko som er viktigare enn akkurat det.
Med vennleg helsing din elev.