Mangfald gjer Noreg rikare. Vi må ta imot fleire kvoteflyktningar. | Erika Melhus
Vi har mogelegheita til å hjelpe andre menneske frå krig og elende.
Førestill deg at du kjem frå eit land med krig. For tre veker sidan mista du heimen din på grunn av eit bombeåtak. Du veit ikkje kor foreldra dine er, og din beste ven er framleis sakna.
Ein dag kjem nokon for fortelje deg at det er eit land med dalar og fjell og skog og mark, kor du kan bu. Det er eit heilt idyllisk land utan nokon form for krig. Landet heiter Noreg.
Du takkar ja til å reise. Under reisa sit du presset saman med over hundre framande på ein gummibåt midt på Middelhavet. Det er så lenge sidan sist du åt, at du ikkje lenger føler svolten. Du skjelv av kulde og frykt for at bølgjene skal sluke deg. Når du kjem fram til land, vert du ført vidare inn i ein mørk lastebil.
Etter ein lang tur med tett luft og sveitte som konstant renner, er du endeleg framme i Noreg. Her vert du plassert på eit asylmottak kor du er i nokon månader, fram til du får høyre at du ikkje er velkomen likevel. Du vert dermed sendt ut av landet igjen, og draumane dine går i tusen bitar.
Ein stad å kalle «heime»
Kvar dag legg nokon sin bror, mor, ektemann eller son ut på ein farleg reise. Desse menneska kallar vi for flyktningar. Dei har alle kvar sin grunn for å forlate heimane sine. Nokon av dei flyktar frå krig, nokon frå forfølging på grunn av kva for «rase», religion eller politiske meining dei har.
Flyktningane er menneske med draumar og framtidsplanar. Dei fortener ein trygg stad å vere. Ein stad som dei kan kalle for «heime».
Eg trur at eit mangfaldig samfunn, er eit godt samfunn. Ordet mangfald betyr at det er eit samfunn beståande av menneske med skilnadar. Dette inneber alt av religion, kultur, legning og så vidare.
Mangfald gjer samfunnet rikare
I mine augo er det fint at samfunnet består av folk med ulik kulturell bakgrunn. Mangfald gjer samfunnet vårt og kulturen vår rikare. Det som gjer deg norsk, er ikkje hudfarge eller språk, det er at du sjølv meiner og føler deg norsk.
I Noreg har vi plass og hjarterom til å ta imot mange fleire flyktningar. Vi har det utruleg godt her i landet, og vi burde dele det med dei som ikkje har det så bra. Eg synast det er på tide at vi hjelper fleire folk vekk frå krig og elende.
Vi må ta imot fleire kvoteflyktningar.
13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.