SiD

Journalistar skal ha takka for at staten ikkje er korrupt | Emil Aksvik Hosøy

  • Emil Aksvik Hosøy (19)
    Medlem av Raud Ungdom
Skattelistene vert altså ikkje berre brukt til å etterforska enkeltpersonar, men også grupper, noko som er minst like viktig.

Si ;D-innlegg: At ansvaret for å avsløra skattesvindel og korrupsjon ikkje ligg hjå media, er rett og slett feilaktig.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

I sitt innlegg 13. desember kjem 2. formann i Oslo FpU med fleire argument mot offentlege skattelister.

Han har i hovudsak tre argument: (1) at korrupsjon og skattesvindel ikkje er ansvaret til journalistar, men myndigheitene, (2) at media ikkje brukar listene til anna enn tabloidjournalistikk og (3) at økonomien til enkeltmennesket er ei privatsak. Ingen av dei har særleg rot i verkelegheita.

At ansvaret for å avsløra skattesvindel og korrupsjon ikkje ligg hjå media, er rett og slett feilaktig: Det er eit av dei viktigaste ansvara deira.

Fleire verknader

Å påstå at myndigheitene sjølve skal passa på dette, er som å seia at det er dei korrupte som skal avsløra seg sjølve.

Den norske staten er svært lite korrupt, og det er journalistar, ikkje politiet, som skal ha takka for dette.

At skattelistene berre vert brukte til å skriva om kor mykje kjendisar tener, er også galt.

Dette er sjølvsagt ein av verknadene med eit ope system, men det er langt frå den einaste.

So seint som i november gjekk nyhendedirektøren i NRK, Alexandra Beverfjord, ut og sa at offentlege skattelister er viktig for å sjå trendar i økonomien og at det er ein grunnstein i demokratiet.

Fordelane overgår ulempene

Dei vert altså ikkje berre brukt til å etterforska enkeltpersonar, men også grupper, noko som er minst like viktig.

At økonomi er ein privatsak for den enkelte, er det einaste valide argumentet i Fånes innlegg.

Likevel meiner eg no å ha vist at fordelane overgår ulempene med god margin.

Eg skal vera den første til å innrømma at systemet ikkje er perfekt, langt ifrå, men det er på ingen måte ein god grunn til å leggja ned ein viktig del av det demokratiske systemet.

Det er heller ein motivasjon til å utbetra og byggja vidare på det.


Les hele debatten om skattelister her:

Les også

  1. Klassen samlet seg rundt PC-en for å sjekke hva foreldrene tjente | Håkon Andreas Flydal

  2. Det vert ikkje betre om me held skattelistene hemmeleg | Emil Aksvik Hosøy

  3. Skattelistene er den moderne tids gapestokk


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Personvern
  2. Korrupsjon
  3. Skattelistene