SiD

Det har flamma opp ein brann i meg som vil vere umogeleg å sløkkje | Zabrin Usmail

  • Zabrin Usmail (17)

Markeringane i Fredrikstad og Moss minte meg om den optimismen eg hadde som barn. Motdemonstrantane møtte opp i mykje større tal enn nazistane. Regnbogefargane vart vifta høgt opp i vêret, og viste at vi var mange og at dei var så få, skriver Zabrin Usmail (17). Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: Vi må kunne hindre at diskriminerande organisasjonar får skape støy og hat.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Førre veke hadde den nazistiske grupperinga Den nordiske motstandsbevegelsen markeringar i både Fredrikstad og Moss. Det var sjokkerande for mange. Rasisme er noko vi alle har høyrt mykje om, men kanskje ikkje så mykje om at det skjer i Noreg. Vi har i alle fall ikkje sett ei så høgreekstrem gruppe få så mykje merksemd før.

Opprøret i meg

Zabrin Usmail (17) Foto: Privat

Eg har mine røter frå Afrika. Altså er eg innvandrar og flyktningbarn.

Det fantastiske Noreg lærte meg som sjuåring at verda ikkje var delt i svart og kvit, men at alle er like mykje verdt. Når eg ser tilbake på det, skulle eg gjort alt eg kunne for å verne optimismen eg hadde.

Etter kvart som åra gjekk, vart skjellsord vanleg, og ord som «neger» vart ei enkel tyding for ein mørkhuda person.

Markeringane i Fredrikstad og Moss minte meg om den optimismen eg hadde som barn. Motdemonstrantane møtte opp i mykje større tal enn nazistane. Regnbogefargane vart vifta høgt opp i vêret, og viste at vi var mange og at dei var så få.

Det vart ikkje mykje opprør rundt markeringane, men det vart opprør inne i meg. Det flamma opp ein brann inne i meg som vil vere umogeleg å sløkkje, for som eg ser det, bygger dagens rasisme seg opp.

Rasismen bygger seg opp

Rasisme er ein radikal jævel som tek livet av kjensla av verdigheit og tilhøyrsle. Det er dessverre akkurat det rasisme blir brukt til. Så ein kan ha nokon å sjå ned på, dytte alt sinnet ein har mot og fortelje seg sjølv at ein gjer det for ei god sak.

For det følast så godt å hate, ikkje sant?

Det er ubeskriveleg kor mange forferdelege og rasistiske hendingar som skjer rundt i verda i dag. Om Noreg skal vere eit førebilete, må vi kunne hindre at slike diskriminerande organisasjonar får skape så mykje støy og hat.

Rasisme bygger seg opp, og alle feiar det under teppet for å unngå kleinheita. Vi er rett og slett for flaue til å diskutere rasisme.

Vi mister fargane

Det er akkurat det den vil. Vi skal vere stum, for stum til å seie det vi meiner, for stum til å beskytte våre medmenneske. Om vi held fram med å ignorere rasisme, vil konsekvensane av stilla vere mykje større enn det vi har venta oss.

Sidan eg var lita har rasisme vore ein hjartesak, ikkje naudsynleg fordi eg sjølv er mørkhuda, men fordi eg såg korleis samfunnet har forandra seg.

Vi splitter oss meir, vi byrjar å miste fargane, og verda blir meir og meir svart-kvit.

Det Noreg eg flykta til for ti år sidan, var i eit barns auge eit likestilt, fargerikt land. Eit håp for framtida. Vi må ikkje gløyme at vi alle tilhøyrer same menneskerase. Vi må ikkje ta kvarandre for gitt.

Les også

Hva er problemet med Den nordiske motstandsbevegelsen? | Ravndal og Bjørgo


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Rasisme
  2. Høyreekstremisme
  3. Integrering

Relevante artikler

  1. DEBATT
    Publisert:

    Det er fryktas tid i Brasil, og vi held rundt kvarandre. Men tida for kamp er no

  2. DEBATT
    Publisert:

    Nordmenn vil ikkje snakka norsk til meg

  3. KRONIKK
    Publisert:

    Det største talet er kostnadane ved å ikkje gjere noko

  4. DEBATT
    Publisert:

    Er du en hvit person? Da kan du velge om du skal bidra til å gjøre Norge mindre rasistisk.

  5. KRONIKK
    Publisert:

    Den nasjonale rikmannskulturen veks fram. Det avlar tomme bygg og tapte verdiar

  6. KRONIKK
    Publisert:

    «Natur-Judas!» «Lås deg inn på mentalsykehus!» «Innavla!» Klimadebatten trenger hjelp.