SiD

Det er vondt å tenke på eit Noreg utan bonden | Margrete Hovda

  • Margrete Hovda (18)

Det handlar om beitedyra sine liv og etisk matproduksjon, skriver Margrete Hovda (18). Bildet er tatt i forbindelse med en tidligere reportasje i Osdalen. Foto: Monica Strømdahl

Si ;D-innlegg: Med fleire rovdyr vil færre vere bønder, og bygdene vert fråflytta.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Det er vondt å tenke på en fremtid uten ulv, skriv Stine Østmoe torsdag.

Velkomen inn i hovudet til ein ven av «Bygde-Noreg» og miljøvenleg norsk landbruk, samt medmenneske og NU-ar, populært kalla ulvemotstandar.

Norge har eit stort ansvar, som du så fint skriv.

Ikkje berre for biologisk mangfald, men mykje meir. For blant anna eit levande «Bygde-Noreg». Med fleire rovdyr vil færre vere bønder, og bygdene vert fråflytta. For eit land der husdyr kan gå trygt på beite. Eit land der naboen min slepp å hente fleire daude enn levande sauer heim frå beite.

Margrete Hovda (18) Foto: Privat

Ein kan sjå svart og kvitt på saka. Skulde på redsel for ulven. Dette er for dei fleste ikkje det som engasjerer dei i debatten. Folk vert ikkje etne av ulv. Det handlar om tryggleiken til inntekt, til å halde fram med landbrukstradisjonar samt omsorg for eigne gardsdyr.

Når eg i dette innlegget svarar deg, kjem eg til å få kritikk for å meine det eg meiner. Slik skal det vere med ytringsfridom.

Det som ikkje er greitt, er dødstruslane som jegerar får for å fylgje dei demokratiske vedtaka teke på Stortinget. Jegerar som har fått ansvaret for å fylgje opp vedtaka, skryt ikkje. Dei må ofte vere anonyme for ikkje å verte utsett for grov hets.

Les også

For 100 år siden var det norsk politikk å utrydde rovdyrene totalt

Dyra har sjølvsagt rettigheitar, og i Noreg har me god dyrevelferd. Me bryr oss om dyra, både ville og tamme. Ein er ikkje anten ein «dyremotstandar» som vil hevde seg over andre artar og demonstrere sin dominans, eller ein dyreforkjempar som vil gje dyr like rettar som menneske.

Denne saka er ikkje anten eller. Paradokset er at ein god rovdyrpolitikk set dyrevelferd i sentrum, noko fleirtalet er for. Det handlar om beitedyra sine liv og etisk matproduksjon.

Om den finsk-russiske ulven ikkje er på drapstokt i norske beiteområde om 50 år, kan eg med godt samvit forklare dei komande generasjonane kvifor. Det er for at Kari Nordmann framleis er sauebonde og syrgjer for at du får ullsokkane dine til jol.

Det handlar om gardsbruk i drift med både husdyr og jordbruk - i heile landet. Det handlar om at den norske bonden fekk moglegheita til å halde fram med miljøvenleg gardsdrift. Det handlar om at ein respekterer alle, også bønder. Det handlar om medkjensle og om å sjå lengre enn til neste fortauskant.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Ulv
  2. Landbruk
  3. Distriktspolitikk

Relevante artikler

  1. SID

    Det gjer meg trist å tenkje på alle sauane, hjortane og reinane som brutalt blir drepne av ulven

  2. SID

    Flyktningane fortener ein trygg stad å vere

  3. SID

    Eg kjem frå Sogn og Fjordane, ikkje «Vestland»

  4. SID

    Det bør bli trendy å lage seg et sunt måltid basert på gode norske råvarer

  5. SID

    Ja, vi har alle ansvar for klimaet. En viktig del av det er å kreve politisk handling.

  6. SID

    Ikkje ta vekk vårt livsgrunnlag her på kysten