SiD

14 ungdommar: – Ingen ynskjer oss velkomne i debatten

  • Urte Karanauskaite, Hedda Haugen og Lene Vadseth Larsgård
    på vegne av Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har ein klar appell til eldre politikarar. På biletet er Urtė Karanauskaitė, Håkon Strand, Ola Mæle, Lene Larsgård, Ole Stensby, Silje Sandøy Husøy, Ole August Iversen, Hedda Haugen, Andrine Sanden, Gunnhild Holm, Petar Milic, Sigurd Farstad, Siril Ræstad og Ulv Johannes Karlsen Ottem. Foto: Privat

Om vi ikkje vert inkluderte i politikken som unge, er det då rart at så få stemmer?

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Barn og unge opp til 19 år utgjer 21 prosent av heile befolkninga i Noreg. Det er over ein femtedel av eit folk som er totalt avhengige av at politikarane tek gode val.

Sidan dei fleste av oss ikkje kan stemme på partiet som representerer våre interesser best, er det politikarane som vert valt, som ofte sit med vår framtid i sine hender.

Vår sjanse for å vere med og forme rammene rundt vår oppvekst, heiter medverknad, og det er kanskje det viktigaste for politikarane å forstå. Kvifor skal vi stemme på dykk når vi bikkar 18, om de ikkje lyttar til oss som 17-åringar?

Vanskeleg å kome inn

Det å kunne medverke, bidreg til politisk engasjement blant unge, og det gir oss mogelegheita til å verte meir reflekterte. Men korleis skal vi gidde å bry oss om politikk når ingen ynskjer oss velkomne i debatten?

Med færre ressursar og kunnskap er det vanskeleg å ta del i politikken som ung, og om ingen opnar døra for oss, har faktisk dei fleste av oss ikkje mogelegheita til å kome inn.

Denne døra må opnast så fort som mogeleg, for det å ha ei meining som ikkje tel, drep mykje av den framtidige interessa for politikk. Om vi ikkje vert inkluderte i politikken som unge, er det då rart at berre 39,5 prosent av oss i alderen 20 til 24 år stemte ved sist kommune- og fylkestingsval?

Les også

Jente (19): - Dersom du ikke er politisk korrekt, blir du latterliggjort, fremmedgjort og utestengt

Høyr på talene våre

Det er faktisk ikkje så vanskeleg for politikarane heller. I alle kommunar er det ein gjeng unge som allereie er engasjert og som vil verte høyrt, så bruk til dømes ungdomsråda.

Gi oss ein plattform til å snakke, og sørg for å skryte over innhaldet i vår tale framfor kor modige og flinke vi er som liker politikk. Høyr på våre taler. Det er trass alt vi som er framtida.

Les mer om

  1. Samfunnsdebatt
  2. Demokrati
  3. Ungdom