SiD

Viss den blå-blå regjeringa held fram, er eg redd draumar i distrikta blir knust | Emma Berge Ness

  • Emma Berge Ness (19) leiar i Senterungdommen Sogn og Fjordane

Ingen drøymer om å leve livets siste dagar på landets største sjukeheim, skriver Emma Berge Ness. Foto: Tomasz Wozniak / Shutterstock / NTB scanpix / privat

Eg er fryktelig stolt over å vere frå Sogn og Fjordane. Eit fylke der mange no føler seg både overhøyrt, oversett og overkøyrd.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

På måndag er det stortingsval.

For meg er det mykje meir spennande enn både den siste episoden av Game of Thrones, og om eg får bestått på arbeidskrava som har hatt leveringsfrist midt i valkampen.

Årets stortingsval handlar nemleg om framtida – ikkje berre mi, men Noreg si. Alle si.

Ein velferdsstat er avhengig av ein politikk som fordeler goder.

Demokratiet er avhengig av folkevalde.

Naturlandskapet er avhengig av levande samfunn. Dette er ting som verken kjem av seg sjølv, eller kan takast for gitt.

Derfor trengs det politisk vilje.

Oppriktig bekymra

Da eg engasjerte meg i partipolitikken for litt over to år sidan, var regjeringsfleirtalet mørkeblått. Det er det enno.

Om det får halde fram i fire år til, er eg oppriktig bekymra for Noreg eg er glad i.

Eg er bekymra for at dei som har minst, vil føle seg mindre, lokale folkevalde og veljarar som misser motet, men mest av alt alle dei små lokalsamfunna som gjer Noreg til Noreg.

Eg er mest bekymra for alle dei små lokalsamfunna som gjer Noreg til Noreg

Eg er bekymra for at ikkje berre tv-programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» ryk, men også draumar. Draumar om å flytte heim. Draumar om gode liv på mindre stadar.

Eg er fryktelig stolt over å vere frå Sogn og Fjordane.

Eit stort fylke geografisk sett, men med eit lite folk. Eit fylke der mange no føler seg både overhøyrt, oversett og overkøyrd, i likskap med resten av Distrikts-Noreg.

Politikk som likestiller stort med bra, treff nemleg ikkje heile landet.

Mange stader er det smått som fungerer godt. Det bidreg til eit mangfald vi må ta vare på, uansett om ein personleg føretrekk gangavstand til kjøpesenter eller fjord og fjell.

Det er ikkje plass til alle i storbyane. Bustadprisane hadde vorte høge og trafikkøane lange.

Eit retningsval

Ein kan ikkje sentralisere seg til eit betre liv.

Ein kan ikkje sentralisere seg til eit betre liv

I store system vert menneska små, og ingen drøymer om å leve livets siste dagar på landets største sjukeheim.

Folk flest er opptekne av å ha det godt og trygt – like mykje i Sogn og Fjordane, som i Hedmark, som i Oslo. Like mykje i dag, som for ti år sidan, som om tjue år.

Eg vil ha det Noreg og det Sogn og Fjordane eg er stolt over også om tjue år. Kva politisk retning vi vel på måndag, kan avgjere det.

« Ungdomen er framtida», får vi ofte høyre. Og det er vi. Jo yngre ein er, jo lenger skal ein leve med dei politiske avgjerslene som vert tekne i dag. Det tek eg på alvor, og derfor engasjerer eg meg.

Årets val er eit retningsval. Spør du meg, så køyrer Erna & co i feil retning.

Eg ønskjer ein politikk som ser heile landet. Eg gler meg til å stemme på måndag.

Mi stemme går til det Noreg eg er glad i, til framtida, og til Senterpartiet.

Vil du lese mer om distriktspolitikk? Les disse artiklene:

Les også

Senterpartiet vil endre Norge langt mer enn Arbeiderpartiet vil.

Les også

«Velgerne er i opprør også i Oslo»

Les også

Senterpartiet vil bevare lokalsykehus og legge ned helseforetakene. Det rimer dårlig med regjeringspartnerens politikk.

Les mer om

  1. Ungt valg
  2. Sogn og Fjordane
  3. Politikk
  4. Distriktspolitikk
  5. Oslo
  6. Demokrati