SiD

Noreg burde ta avstand frå president Temer, ikkje legitimere han | Vilde Gjerde Lied

  • Vilde Gjerde Lied, (21) aktivist i Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG)

Vi ønskjer å vise tydelig motstand mot politkken presidenten fører i solidaritet med det brasilianske folket, skriver Vilde Gjerde Lied (21). Foto: Privat

Si ;D-innlegg: Brasils president er tiltalt for grov korrupsjon. Likevel blir han no tatt godt i mot av den norske statsministeren.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

I går kom presidenten i Brasil Michel Temer til Noreg. I høve besøket har fleire organisasjonar saman med Latin-Amerikagruppene mobilisert til demonstrasjonar utanfor statsministerbustaden i dag.

Vi ønskjer å vise tydelig motstand mot politkken presidenten fører i solidaritet med det brasilianske folket.

Det brasilianske folket fører ein sterk kamp mot makta, og det er viktig at vi er med på å legge eit internasjonalt press på deira kamp.

Første utanlandsferd

Formålet med reisa til Temer er å skape betre grunnlag for handel, investeringar og samarbeid.

Det er inga overrasking at Noreg er eit av landa Brasil no strekkjer seg ut til, med tanke på dei interessene vi allereie har i landet.

Dette er den første utanlandsferda presidenten har hatt på nesten eit halvt år, noko som er veldig uvanleg for ein president.

Så kva er det eigentleg presidenten har tatt føre seg den siste tida?

tatsminister Erna Solberg (H) møter Brasils president Michel Temer til samtale i statsministerboligen i Oslo fredag Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Vender ryggen mot brasilianerar

Til tross for at både han og andre regjeringsmedlemmer bli undersøkt for grov korrupsjon, vender han ryggen mot millionar av brasilianerar.

Dei som i løpet av det siste året har tatt til gatene på grunn av fleire reformer som har innskrenka arbeiderrettar, pensjonsrettar, urfolksrettar og retten til abort. Fleire av demonstrantane har krevd at Temer skal gå av.

Politikken Temer fører, har vore eit angrep på arbeiderar, bønder og urfolk, og protestar blir møtt med valdeleg millitærpoliti.

Det er på tide at Noreg tar avstand frå ein president som fører ein politikk som undertrykker folket, som attpåtil sit med makta i mot deira vilje.

Tap av biologisk mangfald

I året som Temer har sete med makta, har regjeringa i stor grad redusert beskyttelsesområde i Amazonas, og avskoginga har auka med rundt 30 prosent.

Det er på tide at Norge tar avstand frå ein president som fører ein politikk som understrykker folket

Dette er gjort av verksemder som har gått den økonomiske eliten og utanlandske bedrifter til gode, medan bønder blir jordlause og urfolket har mista retten til sine område.

Brasils president Michel Temer. Foto: Andre Penner / TT / NTB Scanpix

Noreg har vore ei av hovudbrikkene i kampen om å beskytte regnskogen i Amazonas. Innblandinga har ført til enorme reduksjonar i avskoging fram til kuppet i fjor.

Det blir spennande å sjå kva side statsministeren vil kjempe for når ho fredag går i møte med den brasilianske presidenten. Ein ikkje-valgt president som driv gjennom ein politikk som går i mot storparten av det brasilianske folket.

Vi i Latin-Amerikagruppene krev at statsministeren i sitt møte med presidenten tar eit tydelig standpunkt mot korrupsjon og for demokratiet.


  1. Les også

    Aftenposten mener: Norge må gi Brasil klar beskjed

  2. Les også

    Brasils riksadvokat anklager presidenten for korrupsjon

  3. Les også

    Brasils økonomiske snuoperasjon stanses av politisk kaos

Les mer om

  1. Korrupsjon
  2. Brasil
  3. Politikk
  4. Norge
  5. Urfolk
  6. Regnskog
  7. Michel Temer

Relevante artikler

  1. LEDER

    Aftenposten mener: Norge må gi Brasil klar beskjed

  2. VERDEN

    Han ble drept mens han forsøkte å beskytte regnskogen. – Brasil svikter sitt ansvar for å beskytte urfolk.

  3. VERDEN

    Brasils president kalte kong Harald «kongen av Sverige»

  4. VERDEN

    Da koronaen rammet Brasil, så noen en mulighet. Det er dårlig nytt for klimakampen.

  5. VERDEN

    FN fordømmer drap på brasiliansk urfolksleder

  6. VERDEN

    Bolsonaro dropper Amazonas-møte på grunn av brokk-operasjon. Nå faller presidentens popularitet