Eg har ME i svært alvorleg grad. Her er noko eg vil du skal vite.

Eg var og er ei livsglad jente som prøver å leve det beste livet eg kan, uansett kva slags situasjon eg er i, skriver Eline Leer-Salvesen. Turbildet er fra før hun ble syk.

Sjukdommen har gitt meg perspektiv.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

12. mai er den internasjonale ME-dagen. Ein dag for å dele informasjon og fortelje korleis det er å leve med ME.

Eg har ME i svært alvorleg grad. Og sjukdommen har forandra livet mitt. Men eg trur det finst meir enn ein måte eg kan velje å sjå på sjukdommen min på.

Sakn og læring

Det er mykje eg saknar. Eg var ei aktiv jente, no er eg sengeliggande.

Store delar av dagen ligg eg åleine, utan å gjere anna enn å tenke. Eg måtte klippe alt håret mitt fordi det er for slitsamt å børste det.

Eg klarer ikkje å halde meg oppdatert på viktige ting som skjer i verda, eller i liva til folka eg er glad i, sjølv om eg har veldig lyst.

Eline har ikke hatt på sko etter at #millionsmissing-bildet hennes ble tatt for fire år siden. Hun blir 21 år senere i mai.

Eg var og er ei livsglad jente som prøver å leve det beste livet eg kan, uansett kva slags situasjon eg er i. Derfor vil eg også fortelje at sjukdommen har lært meg å bli meir glad i meg sjølv.

Å vere sjuk har lært meg å vere mykje meir takknemleg for dei gode tinga i livet mitt. Det kan eg tenke på i ein time utan pause.

Sjukdommen har gjort meg betre kjend med meg sjølv. Den har vist meg kven av menneska i livet mitt som verkeleg bryr seg om meg. Eg føler meg nærare dei sjølv om eg ikkje klarer å ha så mykje kontakt med dei.

Trengst forsking

Sjukdommen har gitt meg perspektiv, den har lært meg mange ting som eg syns er verdifulle, og den har gjort meg mykje flinkare til å håpe – også i dei vonde stundene når helsa mi har blitt verre.

Det er kjempetøft å vere ME-sjuk, og eg trur eg kan snakke for alle når eg seier at vi ønskjer å bli friske så raskt som mogeleg.

Foreldra mine fortel at det blir gjort spennande forsking på ME. Det styrker håpet mitt, trass i at det blir gitt relativt lite støtte til ME-forsking samanlikna med andre alvorlege sjukdommar.

Det er mange ting eg saknar på grunn av korleis livet mitt er no. Men på godt og vondt har sjukdommen gjort meg til den personen eg er i dag. Eg brukar å seie at for kvar dag eg klarer å ta godt vare på meg sjølv, så er eg ein heil dag nærare å bli frisk.

Innlegget vart til ved at Eline gjorde eit taleopptak på telefonen som mor transkriberte. Deretter redigerte Eline den teksta.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønskjer å vere anonym, må du oppgi dette tydeleg i mailen. Her kan du lese meir om å sende inn innlegg til oss.

Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bod først. Hold deg til saka!