SiD

Få slutt på kjønnslemlestinga. Vi har fleire kjønn enn to. | Jane-Victorius G. Bonsaksen

  • Jane-Victorius G. Bonsaksen (19)
Ein treng ikkje å passe inn i det typiske kvinnebilete eller mannsbiletet. Kroppen må normaliserast, skriver Jane-Victorius G. Bonsaksen (19).

Si ;D-innlegg: Kjønnsvariasjonar må inn i skulen og undervisninga til born, gjerne før 10-årsaldaren.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Vi er nøydde til å snakke om kjønn.

Mange av dykk har sikkert høyrd at vi no kan endre juridisk kjønn på nett. Det er ein siger i ein lang kamp for rettane til transpersonar, men det betyr ikkje at kampen er over.

Det er nemleg mange måtar å vere «trans» på, og mesteparten av kjønna under omgrepet inneber at personen ikkje passar inn i tokjønnssystemet vi har i dag. Det kan innebere at ein ikkje føler seg som mann eller kvinne, føler seg som begge delar, flyt mellom dei, eller ein kven som helst annan variasjon.

Samfunnet i det heile er nøydde til å snakke om kjønn og kropp

Ordet «trans» betyr å skride over – at ein ikkje identifiserer seg med kjønnet ein vart forventa å vere ved fødsel.

Kjønnslemlesta born

Men det er ikkje berre transpersonar som blir påverka av tokjønnssystemet.

Interkjønnpersonar, altså personar med ein kropp som ikkje passar inn i den typiske mann- og kvinnemodellen, utgjer ca. éin av 200 personar. Dei blir ofte utsette for normaliserande behandling.

Det kan bety alt frå hormontilskot til operasjonar på små born.

Ja, små born blir kjønnslemlesta for å passe inn i tokjønnsmodellen, og ja, dette skjer óg i Noreg.

Må definere «normal» på ny

Kjønnsvariasjonar må inn i skulen og undervisninga til born, gjerne før 10-årsaldaren. Det må normaliserast.

Ein treng ikkje å passe inn i det typiske kvinnebilete eller mannsbiletet.

Kroppen må normaliserast, og ein er nøydd til å lære om naturleg variasjon, og at det inneber personar som ikkje passar inn i det typiske «anten-penis-eller-vagina»-biletet vi vart undervist i.

Samfunnet må arbeide for å inkludere oss som fell utanfor «normalen»

Samfunnet i det heile er nøydde til å snakke om kjønn og kropp. Vi er nøydde til å finne ein ny definisjon av «normal». Ein meir inklusiv normal som ikkje aktivt skadar og diskriminerer personar.

Les også

Eleah Sophie Fure (17): Transpersoner er også mennesker

Eit tredje juridisk kjønn

Vi er nøydde til å arbeide for eit tredje juridisk kjønn. Viss vi hadde hatt det i dag hadde færre born blitt kjønnslemlesta, sidan lege og jordmor hadde hatt eit alternativ utanom mann og kvinne.

Eit tredje juridisk kjønn vil dessutan opne for meir nøytral terminologi på samfunnsbasis.

Samfunnet må arbeide for å inkludere oss som fell utanfor «normalen», både transpersonar og interkjønnpersonar.


Her kan du lese flere lignende innlegg:

Les også

  1. Kvinne (19): Kroppen din er ikke «feil»

  2. Jente (14): «Jeg er en gutt født i jentekropp, og jeg vet ikke hva jeg skal gjøre.»

  3. Maria Igland (17): Vi må øke forståelsen for transkjønnede

  4. Christine Marie Jentoft: Jeg er hverken kjønnslig død, ødelagt eller intetkjønn. Jeg er trans.


Hva er en god lærer? Hør Aftenpodden Si; D sin podkast.

Espen Ween er faglærer i medier og samfunnsfag på Rosenvilde videregående skole i Bærum. Han ser blant annet på Paradise Hotel for å holde følge med elevene.

Katja Saanum går i tredjeklasse på Elvebakken videregående og deler sine tanker.

  • Hør med ett klikk her:
Les også

Her kan du høre alle Si ;D-podkastene!


Slik blir du podkast-abonnent:

— For iTunes: Trykk her

— Android eller annen telefon? Søk på Si ;D i din podkast-app.

— Soundcloud: Trykk her

Les mer om

  1. Fødsel
  2. Kjønn
  3. Kropp
  4. Transseksuell
  5. Undervisning