SiD

Me lever i verdas rikaste land, men likevel har me eit stort problem: Me er ikkje nøgd med oss sjølve | Marta Gangsås Berstad

  • Marta Gangsås Berstad (18)

Det er lett å få eit forskrudd kroppssyn når «alle» ser sånn og sånn ut, skriver Marta Gangsås Berstad (18). (Illustrasjonsfoto) Foto: Wischy / Shutterstock / NTB Scanpix

Si ;D-innlegg: Kanskje har du gleda deg til å kjøpe den burgaren du såg på McDonalds-reklamen, men så er han ikkje slik som på biletet. Slik er det med anna reklame også.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

29. mai kom det ein gladnyheit frå Stortinget: det vart fleirtal for påbod om merking av retusjert reklame, samt for å endre marknadsføringsloven for å motarbeide kroppspress mot barn og unge.

Noko som har vore med å påverka dette, er resultat frå Press si undersøking «Prosjekt Perfekt». Resultata er ikkje bra.

Kor trist er ikkje dette?

43 prosent er einig i at dei kjennar på kroppspress i sin kvardag. 68 prosent av jentene og 52 prosent av gutane ynskte å endre på sitt eiga utsjånad. Kor trist er ikkje dette?

Alle har vel tenkt at magen skulle ha vore mindre, at puppane skulle ha vore litt større og at ein skulle hatt meir musklar. Heldigvis er det jo lett å gjere noko med dette! Me kan jo ta silikon og feittsuging, og hive innpå proteinpulver og pumpe jern. Kor kjem dette tankesettet frå?

Ein modell du ser er ikkje nødvendigvis som på biletet

Eit svar på dette er nettopp reklame. Det er lett å få eit forskrudd kroppssyn når «alle» ser sånn og sånn ut. Det er ikkje så lett å huske på at reklame ofte kan vere retusjert.

Marta Gangsås Berstad (18)

Ein modell du ser, er ikkje nødvendigvis som på biletet – kanskje er magen retusjert litt mindre, eller kanskje er personen heilt annleis i røynda.

Vi må få vekk det dumme kroppspresset

Det er på tide å slutte å ikkje vere nøgd med seg sjølv, og få vekk det dumme kroppspresset. Stortinget har tatt eit steg i riktig retning for dette, ved å vedta at retusjert reklame skal merkast. Men me kan ikkje stoppe her, det er meir som må gjerast.

Forhåpentlegvis vil denne debatten halde fram, og kanskje vert reklame for til dømes trening og mat endra, slik at det påverkar oss minst mogeleg negativt. Det er i alle fall noko eg håpar på, og som eg trur kan minske presset endå meir.

Andre innlegg du kanskje vil like:

Les også

Presset tar overhånd. Nok er nok! | Nicolai Østeby

Les også

Jeg ser ikke ut som jentene på reklameplakatene. Det tjener noen på | Erika D. Brunner

Les også

Jeg er lei av sexfikserte bilder og videoer!


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Si ;D
  2. Kroppspress
  3. Reklame

Si ;D

  1. SID

    Mamma har fått kreft. Men dette er ikke et trist innlegg

  2. SID

    I desember er vi omtenksomme. Så kommer det nye året, og vi blir selvsentrerte igjen

  3. SID

    Jeg har vært klimaaktivist i seks år, men aldri vært så provosert som nå

  4. SID

    I Brasil lærer jeg mer om feminisme enn jeg gjorde på skolebenken

  5. SID

    De nye klesreglene til SATS er ikke krenkende. Å trene i magetopp er ingen menneskerett.

  6. SID

    Slangebitt er en glemt helsekrise det må snakkes mer om