SiD

Eit godt kollektivtilbod skal ikkje vere eksklusivt for dei som bur i byen | Ina Martine Brendø

  • Ina Martine Brendø (17)
    Ina Martine Brendø (17)
    Sogn og Fjordane Unge Høyre

Ina Martine Brendø (17) skriver at politikerene må bli bedre på å legge til rette for gode kollektivtilbud utenfor byene. Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix

Med eit betre kollektivtilbodet i heile landet kan fleire la bilen stå.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Trikk, tog og T-bane er nye oppdagingar for ei bygdejente. Ute i distriktet kan du fort risikere å bli ståande i timevis å vente på neste buss. I kontrast til dette kjem det ei ny T-bane frå Grønland til Oslo S berre minuttar seinare. Slike privilegium er vi ikkje bortskjemd med i distriktet.

Skal ikkje vere eksklusivt

Færre bilistar på vegane har rikeleg med fordelar. I Noreg er vegtrafikken den nest største kjelda til utslepp av karbondioksid. Dei aller fleste av oss veit at å velje kollektivt er miljøeffektiv, betre for klima og fører til mindre trafikk.

Men alle har ikkje mogelegheit til å la bilen stå. Difor er det enda viktigare at dei som har gode kollektivtilbod tilgjengeleg, blir minna på å ta det i bruk.

Eit godt kollektivtilbod skal likevel ikkje vere eksklusivt for dei som bur i større byar. Enda fleire reisande skal ha tilgang til eit godt kollektivtilbod, uavhengig av kor ein bur i landet.

Eit stort problem med kollektivtrafikken er at den går frå ein plass du ikkje er, til ein plass du ikkje skal. Vi må ta i bruk smartare og meir fleksible løysingar, som gjer kollektivtransporten tilgjengeleg for enda fleire.

Politikarane skal legge til rette for eit godt kollektivtilbod, men vi som forbrukarar må sjølv ta valet om å nytte oss av det, meiner Ina Martine Brendø som er første nestleiar i Sogn og Fjordane Unge Høyre- Foto: Privat

Kva er løysinga?

HentMeg-løysinga i Sauda er eit godt eksempel på korleis ein kan ta i bruk ny teknologi og tilrettelegging for meir individualiserte kollektivløysingar. I tillegg må det etablerast reiseplanleggar og elektronisk billettering i alle delar av landet.

Politikarane skal legge til rette for eit godt kollektivtilbod, men vi som forbrukarar må sjølv ta valet om å nytte oss av det.

Så, til alle dykk som har eit fantastisk godt kollektivtilbod: Bruk det!

  1. Les også

    Disse Si ;D-innleggene blei mest lest i januar

  2. Les også

    Dette forventar fagfolkene av deg om Norge skal nå nye utklippsmål

  3. Les også

    Miljøvennlege val trengjer ikkje krevje mykje



Les mer om

  1. Kollektivtrafikk
  2. Distriktspolitikk

Relevante artikler

  1. SID

    Nok er nok, politikarar. La oss sleppe tvang.

  2. SID

    Det er absurd å ha eit opptakssystem som ikkje tar høgde for relevante karakterar

  3. SID

    Blir dei nøgd eller er det berre lureri?

  4. SPREK

    Er du nervøs for å bli smitta når du går tur eller joggar? Her er forholdsreglane du må ta.

  5. KRONIKK

    Kva har ein ulovleg dyremarknad i ein ukjend kinesisk storby med oss å gjere? Alt.

  6. KRONIKK

    Å fortelje er å ordne fortida. Då hjelper det ikkje alltid å dikte.