SiD

Regjeringa stiller krav om digitale læremiddel på nynorsk | Rikke Høistad Sjøberg

  • Rikke Høistad Sjøberg (H)
    statssekretær Kunnskapsdepartementet

Gorm Kallestad / NTB scanpix

Det fossile hjørnet: Vi vil arbeide for dette i kontakten med forlaga når vi nå lager nye lærerplanar i alle fag.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Appar, nettbrett og digitale læremiddel blir meir og meir vanleg i skular. Det er bra at elevar lærar god bruk av digitale verktøy. Diverre har for få av desse verktøya nynorsk som alternativ. Dette kan føre til at elevar med nynorsk som hovudmål, opplever at ein mindre del av kvardagen i skulen er på målforma deira. Det er uheldig.

I eit innlegg 17. oktober er leiarane i Norsk Målungdom og Elevorganisasjonen bekymra over at manglande tilgang på digitale læremiddel på nynorsk kan gå utover nynorskelevane. Regjeringa er samd med dei i at det er viktig at elevar kan ha gode læremiddel på sin eige målform.

Rikke Høistad Sjøberg Regjeringen

Regjeringa er opptatt av at det skal finnast gode digitale læremiddel på nynorsk. Vi vil arbeide for dette i kontakten med forlaga når vi nå lager nye lærerplanar i alle fag.

I år har vi lyst ut midlar til utvikling av digitale læremiddel for dei nye lærerplanane. Målsetjinga med tilskotet er mellom anna at elevar og lærarar skal ha tilgang til fleire digitale læremiddel på nynorsk. Alle læremidla som får stønad, må følgje lovkravet og føreliggje til same tid på begge målformer. Dette vil også vere eit krav framover.


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

Les mer om

  1. Skole og utdanning
  2. Digital

Relevante artikler

  1. SID

    Den digitale skulen diskriminerer nynorskelevane

  2. DEBATT

    Til foreldre som er urolege for bruken av Ipad i klasserommet

  3. DEBATT

    Kvalitetssikra læremiddel er ikkje gratis

  4. KULTUR

    Googles nye skule-pc skapar nynorsktrøbbel: – Eg ser jo at resultata er gått ned

  5. SID

    Nok er nok, politikarar. La oss sleppe tvang.

  6. KOMMENTAR

    Nynorsken har sigra