SiD

Cooper-testen burde vere frivillig i gymtimen | Sondre Hauk Heier Holte

  • Sondre Hauk Heier Holte (16)

Lærarane bør vurdere det vi gjer på skulen, ikkje kva vi gjer på fritida, skriv debattanten. Suzanne Tucker / Shutterstock / NTB Scanpix

Si ;D-innlegg: Skal ein verkeleg sette karakter på barns helse?

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Cooper-testen blei etablert for det amerikanske militæret i 1968. Testen går ut på å springe så langt ein kan på 12 minutt.

Ein slik test høyrer ikkje heime i den moderne skulen. Likevel vert den nytta på skular over heile landet. Dette er ikkje greitt.

Barn og unge er i ein kritisk og sårbar fase i livet. Eg er sjølv i denne fasen, så eg veit kva eg snakkar om.

Ved å sette karakter og vurdere dei fysiske og psykiske eigenskapane til elevane, oppnår ein ikkje anna enn å øydeleggje sjølvbiletet til mange.

Sterkt press

Det er heilt innlysande at ein elev som spelar fotball fem dagar i veka, har eit heilt anna utgangspunkt for testen enn ein som ikkje driv med organisert sport. Dette er urettvist.

Les også

Hennie Norby Wien (14): Cooper-testen burde fjernast frå skulen

Lærarane bør vurdere det vi gjer på skulen, ikkje kva vi gjer på fritida. Sosiale forskjellar og ulike interesser burde ikkje vere grunnlaget for korleis ein presterer på skulen.

Både elevar i god fysisk form og elevar som ligg under gjennomsnittet, kan kjenne på press frå både lærarar og medelevar. Elevar som er i god form, kan føle eit enormt press og få prestasjonsangst, medan andre kan miste tru på eigne evner.

Tabellen talar

Eg er open for at Cooper-testen er ein god metode for å vurdere den fysiske helsa hos ein elev.

Testen er laga slik at ein ikkje berre kan springe på «talent», men må ha både god kondisjon og motivasjon for å greie å kjempe seg gjennom dei 12 minutta. Men skal ein verkeleg sette karakter på barns helse?

I dei fleste faga på skulen vert elevane vurderte ut ifrå progresjonen dei syner gjennom året, men dette gjeld ikkje alltid Cooper- testen.

Sjølv om ein elev overgår seg sjølv og presterer så godt som mogeleg, kan tabellen vise karakter 2. Dette er ikkje så veldig oppmuntrande.

Derfor burde lærarane heller vurdere innsats og progresjon framfor resultat.

Testen burde vere frivillig. Få Cooper- testen ut av den norske skulen.


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


  1. Les også

    Fem kroppsøvingsforskere: Fysisk aktivitet i skolen redder ikke folkehelsen

  2. Les også

    Bare i ett skolefag er gutter best: kroppsøving

  3. Les også

    9 av 10 er positive til en times fysisk aktivitet hver skoledag

Les mer om

  1. Skole
  2. Trening

Relevante artikler

  1. SID

    Klassekameratane mine ba meg ta livet mitt. No veit eg kva som kan stoppe mobbinga

  2. SID

    Marie (16): «Ungdommen overreagerer, press er ikkje så farleg»

  3. SID

    Svarer Dordi Lerum (17): Dei nye læreplanane lyftar sidemål

  4. SID

    Gleda over å verte 18 forsvann da eg ringde blodbanken og ville gi blod

  5. KRONIKK

    Læreboka må resirkulerast frå papp og papir til nye måtar å tenke på

  6. KRONIKK

    Det store mobbesviket