SiD

Samfunnsdebatten skremmer meg | Mai Lene Fløysvik Hæåk

  • Mai Lene Fløysvik Hæåk (20), Direktevalt landsstyremedlem i KrFU

Me kan ikkje forsvare grove og krenkande ytringar med ytringsfridom, skriver Mai Helen Fløysvik Hæåk (20). Foto: A. and I. Kruk/NTB Scanpix / Shutterstock

Si; D-innlegg: Eg er redd for er at eg slutter å meine noko, at eg ikkje skal tørre å ytre meg offentleg om noko lenger.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Det er mykje eg kunne tenkt meg skrive om, men som eg likevel lar ligge. Eg kunne tenkt meg å skrive om lukka Facebook-grupper på nettet kor menn hetsar jenter.

Eg kunne tenkt meg å skrive om korleis dei som elles aldri er opptekne av likestilling, plutseleg får ei ny interesse for dette når innvandring kjem inn i biletet.

Likevel synst eg det er vanskeleg å skrive om, ikkje fordi eg leitar etter ei ny og original vinkling eller ikkje finn orda, men fordi eg er redd.

Eg er redd fordi eg ser korleis andre som har uttalt seg om tema som dette, er blitt hetsa på verst tenkjeleg måte i det siste. Eg er redd fordi eg ikkje veit korleis eg ville ha takla det om noko slikt skjedde meg.

Mai Helen Føysvik Hæåk (20), direktevalt landsstyremedlem i KrFU. Foto: Privat

Skilnad på kritikk og hets

Dette betyr ikkje at eg ikkje klarer å ta i mot kritikk. Det betyr ikkje at eg forventar at alle alltid skal vere einige med meg, og at eg berre skal få skryt for det eg skriv. Eg er vane med kritikk, både konstruktiv og ikkje fullt så konstruktiv. Kritikk som eg meiner er treffande, tar eg til meg. Likevel er det stor skilnad på kritikk og hets.

Men kva er eg eigentleg redd for? Eg er redd for er at eg slutter å meine noko, at eg ikkje skal tørre å ytre meg offentleg om noko lenger.

Kanskje treng eg ikkje å vere redd. Det kan vere eg hadde takla det betre enn eg trur, at eg er tøffare enn eg trur, men vil eg ta sjansen på det?

Ubehagelege og nedlatande kommentarar

Eg meiner denne redsla seier meir om samfunnsdebatten enn om meg. Ja, kanskje er eg overnervøs, og kanskje kjem eg ikkje til å få store reaksjonar om eg skriv om slike tema. Likevel seier det meg at me har eit problem når nærare ein tredjedel av befolkninga har opplevd ubehagelege eller nedlatande kommentarar etter ei offentleg ytring, ifølgje rapporten «Ytringsfrihet i Norge: Holdninger og erfaringer i befolkningen».

Me har et ansvar for å heve stemma

Dette handlar ikkje om kva som blir sagt på Debatten ein torsdagskveld, eller kva stortingspolitikarane seier til kvarandre på Politisk kvarter. Det handlar om kva som blir skrive i kommentarfelt og i Facebook-grupper.

Ytringsfridommen

I det store og heile handlar det om ein av dei viktigaste rettane me har: Ytringsfridommen. Det som kanskje er mest vanskeleg med akkurat denne retten, er at den kan avgrense seg sjølv.

Det ser me ofte i samfunnsdebatten. Nokon går så langt med ytringane sine at andre ikkje tørr å uttale seg i frykt for tilbakemeldingane dei får.

Dei som gøymer seg bak ytringsfridommen når dei hetsar og krenkar andre, har ikkje forstått at med fridom kjem det òg ansvar. Det er eit ansvar me alle har for å behandle dei som ytrar seg offentleg, med respekt, trass i at me ikkje alltid er einige med dei.

Har eit ansvar for å heve stemma

Det viktigaste er at me ikkje lar dei som nyttar ytringsfridommen til å rakke ned på andre, få dominere debatten. Det vil vere synd om det berre skulle vere deira stemmer som skulle blitt høyrte. Me har eit ansvar for å heve stemma og seie i frå, òg i debattar som kan opplevast ubehagelege. Eg har i alle fall tenkt å manne meg opp og prøve å delta trass i at eg redd. Det kan jo fort gå godt.


I det siste har ytringsfrihet vært diskutert på ulike måter:

Les også

  1. Sevada Clark: Barna i ytringsfrihetens kryssild

  2. Det er ikke Sophie Elise som burde bli bedt om å holde kjeft, men medlemmene i «Mannegruppa Ottar», skriver Kristian Tonning Riise

  3. Niqab og burka virker følelsesmessig provoserende både på meg og mange andre. Men bør de av den grunn forbys? spør Kristin Clemet

Hør Aftenpodden Si; D: Tre skamløse minoritetsjenter forteller

— Vi er de skamløse arabiske jentene, og vår tid begynner nå, skrev Nancy Herz (20) og Sofia Srour (21) på Si ;D. Sammen med Amina Bile (17) diskuterer de skam og ære i denne podaksten. Bile ble så inspirert av Srour og Herz at hun selv valgte å stå frem som skamløs.

Hør den med ett klikk her:

Les mer om

  1. Ytringsfrihet
  2. Samfunnsdebatt
  3. Kommentar