SiD

Bokmålsbrukarar, lat meg fortelje kor privilegerte de faktisk er! | Tea Berg

  • Tea Berg (17)

Kjære norsklærarar som støttar regjeringa sitt forslag om å ha sidemål (som oftast nynorsk) som valfag. Skam dykk, skriver Tea Berg (17). Foto: FlyingFifeStudio / Shutterstock / Berit Roald / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: Per dags dato les eg meir engelsk enn eg les mitt eige hovudmål.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Kjære bokmålsbrukarar, oppgitte studentar og ikkje minst norsklærarar. Lat meg få avklare noko éin gong for alle: Sidemål er ikkje synonymt med nynorsk!

Eg, som nynorskbrukar frå langt inn i Sognefjorden, må berre få seie kor oppgitt eg blir av dykk.

Stakkars, stakkars dykk, som kvar dag les fleire artiklar og tekstar på bokmål.

Stakkars dykk som får reklame og bøker i massevis, sikkert meir enn de ønskjer, på dykkar eige hovudmål trykt opp i andletet kvar dag.

Stakkars dykk som må bli utsett for sidemål, nei unnskyld, spynorsk, tre til seks år av skulen.

Lat meg fortelje kor privilegerte de faktisk er!

Blandar nynorsk og svensk

Per dags dato les eg meir engelsk enn eg les mitt eige hovudmål. Skrur eg på tv-en, høyrer og les eg anten bokmål eller engelsk.

Går eg på eit bibliotek i Sogn og Fjordane (!), vil majoriteten av bøkene vere på bokmål, og det hadde ikkje forundra meg om den vesle resterande delen inneheldt fleire engelske enn nynorske bøker.

Skal eg skrive inn noko i eit omsetjingsprogram, må eg skrive på sidemålet mitt. Dersom eg googlar noko på nynorsk, vil talet på treff vere ingenting samanlikna med når eg søkjer på bokmål.

Mange nynorskbrukarar skriv gjerne betre bokmål enn dei skriv nynorsk. Er det verkeleg sånn det skal vere?!

Er ikkje nynorsk og bokmål to likestilte skriftspråk? Ifølgje det eg ser og opplever kvar einaste dag, er det ei stor, tjukk, løgn.

Eg høyrer om bokmålsbrukarar som skriv svensk på nynorskoppgåver, og eg undrast: Er ikkje noko verkeleg gale dersom det er lettare å skrive svensk enn norsk?

Berre nynorsk i eitt år

Kjære norsklærarar som støttar forslaget om å ha sidemål (som oftast nynorsk) som valfag. Skam dykk.

Eg er ein stolt nynorskbrukar i lag med Ivar Aasen, Frode Grytten og Jakob Sande. Dersom sidemål blir valfag, kva blir det neste?

Skal du la vere å bruke kjend norsk litteratur fordi det står på nynorsk? Og skal ikkje me som meistrar sidemål, få lov til å vise vår kompetanse? Eg trudde ein måtte arbeide med fag i skulen sjølv om ein synst det er vanskeleg?

Løysinga på sidemåldilemmaet er ikkje å kutte det ut.

Løysinga på sidemåldilemmaet er ikkje å kutte det ut. Eg skal fortelje dykk noko ein kvar språklærar burde vite: Ein blir ikkje god i spansk, tysk, engelsk eller fransk dersom ein aldri utset seg sjølv for det eller aldri skriv det.

Den dagen det er 50 prosent nynorsk i media, nynorsk teksting på program som faktisk interesserer ungdom (Skam!), og mogelegheiter for å velje nynorsk som språk og rettskrivingsprogram på alle elektroniske plattformer, skal du sjå det ikkje er ei einaste sjel som skriv svensk på nynorskeksamen!

Elevar som reiser ut på eit utvekslingsår, blir som oftast flytande i språket dei studerer. Ein skulle kanskje hatt nynorsk som hovudmål eit år?

Vanskeleg å forstå

Kjære oppgitte studentar. Eg skjønar det er vanskeleg. Men du hadde ikkje klaga til språklæraren din over ein dårleg karakter når du ikkje kunne grammatikken eller øvde glosene dine.

Om det er ei trøyst, kan til og med den beste nynorskbrukaren få problem med å skjøne radikal eller gammal nynorsk.

Det at de skal prøvast ut i nynorsk til og med me ikkje forstår, synst også eg er urettferdig.

Sidemålsfaget kan få nokre endringar, men ver så snill, ikkje ynsk det vekk. Ikkje ynsk det vekk for oss som må kjempe for retten til å lese og skrive vår eige hovudmål.


  1. Les også

    Guro Stordrange: Sidemålsdebatten er fylt av kunnskapslause påstandar om nynorsk. No skal eg prøva å ta knekken på nokre av dei.

  2. Les også

    Kronikk: Er det betre å skrive dårleg nynorsk enn godt bokmål?

  3. Les også

    Elever bruker data-oversettelse til å jukse med nynorsken


Les mer om

  1. Nynorsk
  2. Skole
  3. Språk

Flere artikler

  1. SID
    Publisert:

    Nok er nok, politikarar. La oss sleppe tvang.

  2. MENINGER
    Publisert:

    Eg er ung nynorskjournalist i 2019. Er eg utryddingstrua?

  3. KOMMENTAR
    Publisert:

    Nynorsken har sigra

  4. SID
    Publisert:

    Svarer Dordi Lerum (17): Dei nye læreplanane lyftar sidemål

  5. SID
    Publisert:

    Sidemålskarakteren er der for å hjelpe oss

  6. DEBATT
    Publisert:

    Dagens kortinnlegg, 3. mai