Kjære regjering, er vår stemme utan verdi? | Urte Karanauskaite og Åse Kristin B. Hopen
- Åse Kristin B. Hopen (19)
- Urte Karanauskaite (16)
F.v. Åse Kristin B. Hopen (19), Urte Karanauskaite (16) Foto: Privat
Si ;D-innlegg: Politikarane bestemte seg for å sende ut eit klart signal: Ungdoms meiningar skal ikkje verte tatt like alvorleg som dei andre rådgjevande organas.
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.
Den 10. mars 2017 la Regjeringa fram eit forslag til nytt vedtak i kommunelova.
Resultatet av dette var at medverknadsordningane for eldre og personar med funksjonsnedsetjing vert vidareført lovfesta, medan medverknadsordninga for ungdom framleis vil vere frivillig for kommunane.
Treng dei ikkje ungdom i sin politikk?
Er det verkeleg slik Noreg vil framstille sitt demokrati og tru på den yngre generasjonen?
I september vart det sendt fleire høyringsforslag av ulike organ til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, der dei uttrykte at ungdomsmedverknad burde vere lovfesta.
Likevel valte regjeringa å ikkje høyre på desse innspela.
Politikarane bestemte seg for å sende ut eit klart signal: Ungdoms meiningar skal ikkje verte tatt like alvorleg som dei andre rådgjevande organas.
Det skal vere opp til kommunane sjølv å bestemme om dei treng ungdom eller ikkje i sin politikk.
Vi er samfunnsengasjert ungdom. Vi står for at i 2017 skal alle ha mogelegheit til å delta i demokratiet, ikkje berre dei utvalde.
Vel bevisst ikkje å gjere det lettare
Vi meiner at vi unge må kunne byggje vår framtid og eit land vi vil vere stolte av å leve i. Vi er aktive brukarar av kommunale tenester, men er likevel ikkje representert gjennom den ordinære valkanalen.
Det er allereie ei utfordring å sørgje for at vår gruppe vert høyrt, og Noregs politikarar vel bevisst ikkje å gjere det noko lettare.
Som ein konsekvens av den nedprioriteringa som kjem fram i Regjeringa sitt forslag, kan det verte ulik praktisering av ordningar som sikrar ungdomsmedverknad.
Spesielt i kommunar med dårlegare økonomi kan det føre til at ungdommens stemme ikkje vert høyrt, heilt lovleg.
Vil vi ha kommunar som vel ikkje å etablere organ som sikrar ungdom sin medverknad i deira notid og framtid?
Skal det verkeleg vere opp til tilfeldigheiter om di stemme vert høyrt?
Tett knyttet til denne debatten, er debatten om stemmerett for 16-åringer:
- Debatt mellom ungdomspartier på Litteraturhuset: Bør 16-åringer få stemmerett?
- Sharleen Dydland (16): Fraværsgrensen beviser at 16-åringer bør få stemmerett
- I 2015 kunne 16-åringer stemme i 20 av landets kommuner: Fem argumenter for og mot stemmerett for 16-åringer
Skamløse jenter forteller om årets som har gått
Nancy Herz (20), Sofia Srour (22) og Amina Bile (18) mottok i år Fritt Ords honnørpris for kampen de har kjempet mot sosial kontroll og æreskultur.
Det er ett år siden de startet kampen i Si ;D-spaltene. Hvordan har året vært?