SiD

Eg er 14 år. La meg sleppe å tenke på skule heile fritida mi!

  • Sunniva Tollefsen Vågen
    Sunniva Tollefsen Vågen
    14 år
Sunniva Tollefsen Vågen (14) opplever at å få ferdig leksene fører til mykje stress.

Eg har for mykje lekser og ikkje nok timar.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Eg er ei jente på 14 år, og eg meiner at dagens lekser tar for lang tid. Eg vil ha tid til å tenka, vera sosial med vener og familie. Helst sleppa å tenka på skulen, prøver eller lekser i heile fritida mi.

Den tidlegare kunnskapsministeren Torbjørn Røe Isaksen (H) sa at det ikkje finst eit påbod om lekser, men at det er skulen som bestemmer kor mykje lekser me får.

Greitt nok at skulen vil lære oss ting og vil oss alt godt, men ikkje la det gå ut over fritida vår og det sosiale livet vårt.

Lekser er tidkrevjande

Det må jo gå ei grense ein plass. Mange av oss kjem svakare ut i faga fordi leksene er for vanskelege og motivasjonen vår daler.

Leksene har endra seg gjennom tidene. Mange får ikkje så mykje hjelp i heimen med leksene. Som oftast gjer eg dei åleine, fordi mamma eller pappa ikkje kan hjelpa meg.

Eg bruker ekstremt mykje tid på leksene. Både for å gjera dei bra og sånn at arbeidet ser skikkeleg ut. Heilt sidan 8. klasse har eg jobba hardt med leksene og med skulearbeidet.

Lekser gjer at mange får dårlege resultat på skolen, skriv Sunniva Tollefsen Vågen (14 år).

Eg har prøvd å laga gode rutinar for leksearbeid og øving til prøvar, men dessverre endrar fritidsplanane mine seg, etter kvart halvår med til dømes treningar og kampar.

Vil ha leksefri skule

Om ein ikkje lærer noko av dei, er lekser bortkasta tid. Etter mi meining er lekser bortkasta tid, når ein ikkje lærer noko av dei uansett.

Å få ferdig leksene mine, fører til at eg stressar mykje. Fotballen gjer at eg må reise ein god del for å trene. Eg kjenner på at det ikkje er nok timar i eit døgn til å få gjort alt eg skal, inkludert leksegjering, trening og hobbyane mine.

Eg er alltid blitt fortalt «lekser og skulen kjem framfor det kjekke». Men er lekser viktigare enn å ha det bra?

Det er mange som sluttar med idrett gjennom åra på ungdomsskulen. Det trur eg er fordi dei ikkje orkar å dra på trening når skulen gjev dei mykje lekser og stiller høge krav.

Nokre langdagar i veka

Det er synd at ungdom sluttar med idrett fordi dei ikkje klarer å møte krava som skulen stiller. Eg har òg tenkt tanken på å slutta med idretten eg brenn for, fordi lekser har begynte å bli eit slit for meg.

Enkelte lærarar meiner at me bør få leksefri skule, men ha lengre skuledag. Mi løysing er at me har leksefri skule, med ulike tider me sluttar på i veka. Lengre tid på skulen eine dagen, og kortare den andre dagen. Dette er mitt forslag til leksefri ungdomsskule.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først. Hold deg saklig!

Les mer om

  1. Leksefri
  2. Lekser