SiD

Kvar gong eg introduserte meg, viste dei ei blanding av latter og vantru | Mona Eide Onstad

  • Mona Eide Onstad (21)

Foto: javarman / Shutterstock / NTB scanpix / privat

I Colombia har dei ikkje så mange hemningar.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Hei, eg heiter Mona. Mona, som er eit vanleg namn i Norge, skulle vise seg å vere eit meir spesielt namn i landet der eg skulle på utveksling – Colombia. For i Colombia betyr Mona «jente med kvit hudfarge» (i tillegg til apekatt som i resten av Latin-Amerika).

Kvar gong eg introduserte meg til nye menneske, viste fjesa deira ei blanding av latter og vantru – er du sikker? Nei, la meg berre ringe heim til mamma og sjekke.

Men det gjekk fint, det vart ein slags ice-breakar kvar gong eg skulle introdusere meg sjølv. Det gjekk mindre fint då namnet mitt blei ropt etter meg på gata.

Objektivisering

Det å vere kvinne i Latin-Amerika. Det å vere lyshuda kvinne i Latin-Amerika. Problemet ligg ikkje naudsynlegvis i alle som stirrar. Eg veit eg ser annleis ut, det går bra om folk er nyfikne. Problemet er objektiviseringa.

Når menn som ser på deg, ikkje seier «god morgon», men sveipar auga sine over kroppen din medan dei tar av plagg etter plagg med blikka sine.

Når dei kallar på deg som dei ville kalla på ein katt og roper ut «mona, monita!». Eg kjenner meg ekkel, brukt og utrygg. Og så vert eg sint.

Det er vanskeleg å skildre korleis det er, for det å sjå på andre og si mona er vel ikkje noko gale? Men det er måten dei gjer det på. Du er ikkje lenger ein vanleg person som går langs gata, du er eit seksualobjekt som må passe på kva slags gater du vel å gå langs.

Ein annan fridom

Dette problemet handlar sjølvsagt om machokultur, kvinnesyn og skjønnheitsideal, der lys hud er pent. Men det handlar også om noko av det eg liker best med kulturen i Colombia: fridom.

I Noreg har vi fridom fordi vi får like moglegheiter gjennom gratis utdanning og helse. I Colombia sit du meir fast i dei høva du vart født innunder.

Men det finst òg ein annan måte å sjå fridom på. Fridom til å vere seg sjølv, uttrykke seg, le høgt og danse på gata om ein vil. Ein fridom nordmenn berre kjenner på etter ei god mengd øl. Det er ein fridom der ein kan følgje impulsar utan å føle at ein er til bry for andre. For sånn eg ser det, er dette to verdiar som står opp mot kvarandre, og i Noreg vinn jantelova.

Ikkje mange hemningar

I Noreg møter vi opp presist (og i Bogotá kom professorane mine ofte 10-20 minuttar for seint), vi snakkar ikkje høgt i mobil når andre er til stades, i alle fall ikkje på bibliotek. Vi oppfører oss med andre i bakhovudet og gjer vårt beste for ikkje å vere til bry for andre.

Eg trur ikkje menn på gata i Noreg kunne snakka til meg på same måte som menn i Colombia gjorde det, sjølv om dei hadde hatt det same synet på kvinner, fordi samfunnet ikkje tillèt det. Der er ikkje plass til dette i kulturen vår.

I Colombia har dei ikkje så mange slike hemningar. Så du kan le høgt på bussen, prate med folk du ikkje kjenner og danse litt salsa på gata til musikk frå gatemusikantar. Der er ei openheit for å kunne uttrykkje seg, alle former for uttrykk. Det gjorde det både vanskeleg og fantastisk for ei mona som meg sjølv å bu der.


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Si ;D

Si ;D

  1. SID
    Publisert:

    Mamma har fått kreft. Men dette er ikke et trist innlegg

  2. SID
    Publisert:

    I desember er vi omtenksomme. Så kommer det nye året, og vi blir selvsentrerte igjen

  3. SID
    Publisert:

    Jeg har vært klimaaktivist i seks år, men aldri vært så provosert som nå

  4. SID
    Publisert:

    I Brasil lærer jeg mer om feminisme enn jeg gjorde på skolebenken

  5. SID
    Publisert:

    De nye klesreglene til SATS er ikke krenkende. Å trene i magetopp er ingen menneskerett.

  6. SID
    Publisert:

    Slangebitt er en glemt helsekrise det må snakkes mer om