SiD

9. desember: «Ikkje kom her meir» - ein tekst om hjartesorg

  • Eili Harboe (23)

Me måtte halde det hemmeleg at me var kjærastar, sa du. Var du flau fordi du hadde valt meg?

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Årets julekalender i Aftenposten har tema «Livsvisdom fra ungdommen».

Dagens luke er skriven av Eili Harboe (23) fra Stavanger.


– Nokon gonger kjenner eg at veggen kjem mot meg. Det skjer spesielt når eg høyrer på musikk eg likar.

Eg visste ikkje kva eg skulle seie når du sa slike ting. Du ville som regel at me skulle sitje heilt stille og høyre på musikken din. Ein måtte sitje i midten for å få maksimalt utav lydbiletet, meinte du. Det var sikkert sant. Eg var så forelska at det gjorde vondt, og når du sa at eg ikkje fekk bevege meg fordi det kunne forstyrre lyden, musikken og inntrykket det gjorde på oss, så godtok eg sjølvsagt det. Det er jo berre slik det er å ha ein kjærast når ein er 15 år.

Du likte ikkje at eg brukte sminke. Spesielt når du ikkje var på skulen. Eg freista dei andre gutane, sa du. Forfengeleg og flørtande. Kva skulle dei andre gutane med meg? Du var hardbarka ateist, eg sang «He doesn’t look a thing like Jesus» i kyrkja. Me måtte halde det hemmeleg at me var kjærastar, sa du. Var du flau fordi du hadde valt meg?

Les også

Dette er årets julekalender: «Livsvisdom fra ungdommen»

Var det fordi eg klippa lugg at du ikkje ville vere kjærasten min lenger? Eg hadde bestemt meg for å vere Gogo frå Kill Bill på ein Halloweenfest. Eg prøvde fyrst å brette håret opp i ein lugg, men eg måtte til slutt gi opp og ba mamma klippe han tvert av. Eg skulle ikkje drikke, men hadde laga ein jomfru-blodappelsinpunsj. Eg sølte ein tredjedel av punsjen i bilen på veg bort då me bråstansa for ein fotgjengar. Det lukta blodappelsin i fleire dagar etter at du dumpa meg.

Eili Harboe forsøker å skjula reguleringa under skulefotografering i tenåra.

Eg drøymde mykje. At du angra og ville ha meg tilbake. At me framleis var kjærastar og at eg berre hadde drøymd at det vart slutt. Som ein draum i draumen. Då eg vakna, kom hjartesorga sigande. Tenkte du like mykje på meg som eg gjorde på deg? Angra du nokon gong? Eg hugsar at du gjekk ifrå meg i skogen. Du var irritert for noko, og eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Eg sa alltid unnskyld. Heime hos deg skulle ein ikkje seie «nei takk», men heller berre «nei». «Nei takk» var undergravande og respektlaust. Det var mykje eg ikkje forsto.

Kvifor hadde eg overtala deg til å begynne på same videregåande skule som meg? Berre for å høyre stemma di i trappeoppgangen då det var slutt. Eg spionerte igjen, som eg gjorde før me vart i lag. Gjennom hagen til naboen for å stå bak garasjen din. Eg hadde sjølvsagt ikkje på meg briller, så eg såg ikkje så mykje same kva, men eg kjende at eg var nær deg. Sjølv om eg sto og skalv, lent inntil garasjeveggen med spindelvev i håret. Du satt nok på rommet bak vindauget og høyrde på musikken din.


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

Les mer om

  1. Julekalender: Livsvisdom fra ungdommen
  2. Kjærlighet
  3. Ungdom