SiD

Verdidebatten handlar om meir enn fellesdusj og framandfrykt | Mai Lene Hæåk

Då statsministeren snakka om ekkokammer under partileiardebatten, forstod eg kor viktig det er at me snakkar om verdiar.

KrF-leiar Knut Arild Hareide snakka om å bygge bruer og skilde seg dermed ut i partileiardebatten, meiner Mai Lene Hæåk (20) i KrFU. Tor Erik Schrøder, NTB scanpix / Privat

  • Mai Lene Hæåk (20), landsstyremedlem i KrFU

KrF-leiar Knut Arild Hareide snakka om å bygge bruer og skilde seg dermed ut i partileiardebatten, meiner Mai Lene Hæåk (20) i KrFU. Tor Erik Schrøder, NTB scanpix / Privat

Ragnhild Yndestad (19) skriv i Si ;D 11. august at ho er lei av debatten om norske verdiar fordi «politikerne slåss om å få spille mest mulig på fremmedfrykt».

Det verkar som om eg og Yndestad har følgt med på to heilt ulike debattar.

Meir enn dusjing og gudstenester

Ingen kan nekte for at verdidebatten etter kvart vart eit samansurium.

Eg har bilete på netthinna av kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) og nestleiar i Senterpartiet Ola Borten Moe som snakkar om fellesdusjing og skulegudstenester medan dei et vaflar og jordbær.

Eg prøver å la vere å tenkje på bileta av Arbeidarpartiet sin nestleiar Hadia Tajik på Trollpikken i eit intervju som eigentleg handla om tillit og norske verdiar.

Nesten alle argument dei siste vekene har slutta med «dette er norske verdiar» eller «dette er ikkje norske verdiar».

Debatten har òg bore preg av at politikarar har sett likskapsteikn mellom norske verdiar og kristne verdiar. Retorikken har handla mykje om «oss mot dei», og det blir stadig sagt at verdiane våre er under press.

Trass i alt dette trur eg ein slik debatt har noko for seg, og eg er usamd i at han berre handlar om å spele mest mogleg på framandfrykt.

Leiar i Kristeleg Folkeparti Knut Arild Hareide har sagt fleire gonger at det er ein viktig verdi å bygge bruer og ikkje murar.

Han har lagt vekt på at kristne verdiar ikkje berre er norske verdiar og at nestekjærleik skal vere heilt sentralt i politikken me fører i Norge.

Høyrest dette ut som ein politikar som speler på framandfrykt?

Ekkokammera trugar oss

Etter at innlegget til Yndestad var på trykk, har det òg vore partileiardebatt der norske verdiar var eit tema. Dei fleste i panelet snakka om eige verdigrunnlag då dei skulle seie kva norske verdiar er.

Dei to som skilde seg ut, var Knut Arild Hareide, som igjen snakka om å bygge bruer, og ikkje minst Erna Solberg. Statsministeren evna å gjere det til noko større enn partipolitikk.

Då ho snakka om korleis ekkokammer på nettet trugar fellesskapen mellom oss og ei felles forståing av røynda, forstod eg kor viktig det er at me snakkar om verdiar.

Les også

KrFU-leiar Ida Lindtveit mener ein ikkje skal forby noko berre fordi ein ikkje liker det

Det handlar trass i alt om kva samfunn me vil ha og kva verdiar me vil skal leggast til grunn.

Det er ein ting eg og Yndestad kan vere samde om, og det er at det er liten vits i å snakke om norske verdiar om dei skal skilje seg frå humanitære verdiar.

Om me ikkje legg humanitære verdiar til grunn for politikken som blir ført, blir me eit egoistisk og sjølvoppteke land. Ein debatt om verdiar kastar lys over kven som er villige til å setje humanitære verdiar framfor dei materielle, og difor er han så viktig.

Heldigvis finst det parti som set nestekjærleiken først og som seier at den verdien skal vere førande for politikken.


Kva er typisk norsk?

Les mer om

  1. Verdidebatt
  2. Knut Arild Hareide
  3. Erna Solberg
  4. Politikk

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Solberg selv har gjort Hareide mer venstrevridd

  2. POLITIKK

    Her er ni tegn i Hareides bok som kan gi Siv Jensen bekymringer

  3. POLITIKK

    KrF og Frp kjemper om de kristne velgerne, Listhaug med åpenbar kristenflørt.

  4. KOMMENTAR

    Knut Arild Hareide går langt i å flagge venstresving i ny bok

  5. POLITIKK

    Listhaug: Trist at KrF ikke reagerer på at kristne verdier er under press

  6. POLITIKK

    Han kommer med én klar advarsel til statsministeren