Nekrolog

Nekrolog: Magne Myhren

  • Aftenposten Redaksjon

Vår gode kollega Magne Myhren døydde på jonsokaftan 23. juni, 77 år gammal.

Magne vart fødd i Hol i Hallingdal i 1937. Etter landsgymnaset på Voss vart han student ved Universitetet i Oslo. I 1970 vart han cand.philol. med hovudfag i nordisk og med tysk og folkeminnevitskap mellomfag. Ved sida av studia arbeidde Magne ved Norsk målførearkiv, der han særleg tok for seg målføremateriale etter professor Olai Skulerud. Etter fullført studium underviste Magne i norrønt og norsk målførevitskap ved Institutt for nordisk språk og litteratur ved UiO. Frå 1984 og fram til han gjekk av med pensjon i 2004 var han amanuensis i Norsk Ordbok.

Magne Myhren har skrive mange artiklar om språklege og folkloristiske emne i lærebøker, tidsskrift og festskrift. Han har også gitt ut tre samlingar med skrifter av folkeminnegranskaren Rikard Berge og språkvitaren Amund B. Larsen. Magne var Ivar Aasen-kjennar, og han har gjeve ut både dikt av Aasen og fagartiklar om arbeidet hans. Av dei nyaste faglege bidraga til Magne er ein festskriftartikkel frå 2013 om leksikalsk samanheng mellom M.B. Landstads Norske Folkeviser og Ivar Aasens Norsk Ordbog .

Attåt den språkfaglege verksemda var Magne Myhren spelemann på hardingfele. Han vart utnemnd til æresmedlem i Landslaget for spelemenn. Magne bidrog òg gjennom mange år til Folkemusikkhalvtimen i NRK.

Magne var gift med litteraturvitaren og kvedaren Dagne Groven Myhren, og dei fekk to barn saman. Me som var kollegaer og vener med Magne, vil gjerne få takka for dei faglege og sosiale bidraga hans til miljøet kring Norsk Ordbok gjennom ein mannsalder.

Oddrun Grønvik, Lars S. Vikør, Åse Wetås, Dagfinn Worren

Les mer om

  1. Nekrolog