Nekrolog

Nils var ein pionér innan avlsforskinga på svin

Han bidrog sterkt i arbeidet med å ta i bruk nye verktøy som ultralyd og datatomograf i svineavlen.

  • Nekrolog

Av Odd Vangen og Torstein Steine

Professor emeritus Nils Standal døydde 7. desember, nær 89 år gammal.

Nils vaks opp på Store-Standal i Hjørundfjord. I 1953 kom han til Ås, der han studerte husdyrbruk på NLH (Noregs landbrukshøgskole) 1956–1959.

Heile hans yrkeskarriere har vore tilknytt NLH. Først som vitskapleg assistent, så førsteamanuensis og frå 1987 professor i husdyravl. Han hadde stipend til University of Wisconsin 1963–64. I 1977 vart han tildelt dr.agric. graden for avhandlinga «Studies on selection schemes in pigs».

Nils var ein pionér innan avlsforskinga på svin. Han bidrog sterkt i arbeidet med å ta i bruk nye verktøy som ultralyd og datatomograf i svineavlen. I 2000 fekk han Helge Bekkedals ærespris for arbeidet sitt for norsk husdyravl.

Nils hadde mange internasjonale oppdrag. I 1986–88 arbeidde han i FAO, Roma, som svineekspert. Det inkluderte arbeid i mange land. Tilbake på NLH fekk han ansvar for småfeforskinga og bidrog sterkt til forskinga på biokjemiske markørar i avlsarbeidet. Ein periode føreles han i husdyravl på masterutdanninga i Morogoro, Tanzania.

Nils var instituttleiar, medlem av mange faglege utval på NLH og i Forskingsrådet.

Nils sat i kommunestyret i Ås, og med sitt breie engasjement skreiv han mange innlegg i aviser og fagblad.

Nils pensjonerte seg i 1997. Trass i helseplager har han hatt ei god pensjonisttid med hus og hage, der han og hans kjære Ingebjørg dyrka grønsaker, frukt og bær. Dei siste åra har dei budd i leilegheit i Ås sentrum.

Han lèt etter seg seg kona Ingebjørg, fire barn, svigerbarn, åtte barnebarn og eitt oldebarn.

VI har mista ein god kollega og ven som har betydd mykje for mange. Vi lyser fred over Nils Standal sitt minne.

På vegne av kollegaer og vener

Les flere nekrologer her.

Les mer om

  1. Nekrolog
  2. Minneord