Nekrolog: Egil Monn-Iversen

Når ein høvding i norsk kulturliv har gått ut av tida, er det ikkje heilt enkelt å seie noko dekkjande om han.

  • Aftenposten Redaksjonen

På nittitalet var underteikna teatersjef og Egil Monn-Iversen musikksjef på Det Norske Teatret. Monn-Iversen var tilsett i NRK, styreleiar i operaen, filmprodusent, komponist og arrangør. Mange syntest det var for mykje. Eg opplevde det ikkje slik. Han hadde alt slått rot på Det Norske gjennom 30 år, heilt ifrå han og Tormod Skagestad hadde gjort teateret til den viktigaste musikalscenen i Norden.

Kantina på teateret var for han den beste restauranten i byen. Eg såg han berre sint ein gong, da ein uheldig stakkar hadde tatt parkeringsplassen hans i kjellaren. Da ville han seie opp, men roa seg fort, og avslutta konflikten med ein øyredøyvande sjølvironisk latter.

Les hele saken med abonnement