Norge

Gatekunstnar hylla Thorvald Stoltenberg i natt

Fredag døydde Thorvald Stoltenberg. Laurdag morgon oppdaga ein turgåar to portrett av den folkekjære politikaren i Fjellveien, signert gatekunstnaren 9tram.

Stensilkunstnaren 9tram har portrettert Thorvald Stoltenberg i Fjellveien, like ovanfor Mulesvingen. Foto: Ørjan Deisz

  • Kjersti Mjør

Fredag føremiddag døydde Ap-politikaren og fredsmeklaren Thorvald Stoltenberg, 87 år gammal.

Ei kvinne som lufta hunden sin i Fjellveien tidleg laurdag morgon, la merke til noko som ikkje hadde vore der kvelden før. To portrett av Thorvald Stoltenberg, Ap-politikaren og fredsmeklaren som døydde fredag.

Portretta, som er signert stensilkunstnaren 9tram, er diskret plassert. Det eine er oppført på ein trafokiosk i Fjellveien, nokre hundre meter etter at asfalt går over i grus over Mulesvingen, skriv Bergens Tidende.

Sola skin gjennom det grøne lauvverket. Eit eldre ektepar på tur stoppar opp og ser nøyare etter.

– Er det Stoltenberg? Eg ser det, konstaterer Gro-Berit Lie.

– Så flott! Berre det får stå i fred, seier Bjørn Olav, mannen.

Gro-Berit og Bjørn Olav Lie syntest det var stas å oppleve gatekunsten til 9tram på laurdagsturen. Foto: Ørjan Deisz

– Sentral gatekunstnar

Då bt.no fortalde om den nye gatekunsten i Bergen laurdag føremiddag, var interessa stor.

– Denne gatekunstnaren er av den anonyme sorten. Det må vi berre respektere. Han eller ho er stasjonert i Bergen, er alt Eirik Nor Saghaug vil seie om 9trams identitet.

Saghaug driv galleriet Vault studios som representerer 9tram, og fortel at 9tram er ein av dei sentrale gatekunstnarane i Bergen. Han opererer særleg i området ved Fjellveien og har laga stensilar på alle Fløibane-stopp.

– Bergen er ein hovudstad for stensilkunst. Den typiske stensilkunsten frå Bergen er kjempespennande, seier galleristen.

Tidlegare var gatekunsten meir politisk motivert. I dag er ein av trendane å lage hyllester til kjende personar og frontfigurar – som portrettet i Fjellveien.

Ørjan Deisz Foto: Thorvald Stoltenberg (1931–2018) portrettert av kunstnaren 9tram.

Skjult bak ein Tesla

Men kor er den andre Stoltenberg-stensilen? Etter litt leiting, finn BT det andre portrettet, skjult bak ein svær Tesla. Bilen står parkert inntil ein høg mur, like under Fjellveien-skiltet på eit kvitt hagegjerde.

Ei kvinne med grå hestehale pressar seg inn mellom Teslaen og murveggen med mobilkameraet. Ho fortel at ho gjekk opp i Fjellveien på kunstjakt etter å ha lese om Stoltenberg-stensilane på bt.no.

Ut til folket

Thorvald Stoltenberg var på alle måtar ein god person for dette landet. Det er fantastisk å få kunsten ut i gatene slik at den blir tilgjengeleg for folket, og alle kan nyte den, seier Saghaug.

– Kjem bergensarane til å valfarte til Fjellveien i helga?

– Det er ein viss fare for det. Mange har eit forhold til Thorvald Stoltenberg – og etter kvart til 9tram også.

Relevante artikler

  1. A-MAGASINET

    Bestevennene flyktet fra Sør-Sudan. En av dem ble trippeldrapsmann i Norge.

  2. NORGE

    Usynlige og lydløse: Dette blir Forsvarets dyreste fartøy

  3. A-MAGASINET

    John Erik forsvant fra moren for 32 år siden. Her møtes de igjen.

  4. SPORT

    SMS-beskyldninger, brevene og de sentrale spørsmålene: Slik var det omstridte spillet om idrettsmakten

  5. NORGE

    Politiet etterforsker mistenkelig dødsfall i Rogaland

  6. NORGE

    Kinas ambassade ut mot Nobelkomiteen etter Liu Xia-kommentarer: - Ondsinnet og provoserende