VG-journalist Skarvøy: – Eg har ikkje fabrikkert eit sitat
No tek Lars Joakim Skarvøy seks månadar permisjon frå jobben som journalist i VG.
Aftenposten i samarbeid med Medier24. Les mer om samarbeidet her.
Det er nøyaktig ei veke sidan TV 2 publiserte si avsløring om korleis Sofie (27), kvinna på den berømte dansevideoen med Trond Giske på Bar Vulkan i februar, opplevde sitt møte med VG og journalist Lars Joakim Skarvøy.
Sidan 4. mars har VG granska saka internt, og klokka 20 onsdag vert rapporten lagt fram.
Medier24 møtte Skarvøy i Akersgata 55 onsdag kveld:
– Saka var mangelfull, me har beklaga publiseringa og me står inne for beklagelsen. Det er ein artikkel som ikkje gir eit dekkjande bilete verken av samtalen eg har hatt med Sofie eller hennar oppleving av kvelden, seier Skarvøy til Medier24.
– Eg har ikkje fabrikkert eit sitat. Det blei til i samtalar og diskusjonar med Sofie og det er basert på hennar opplevingar med Trond Giske på Bar Vulkan. Det er viktig å leggje til at eg har ikkje gjort ein god nok jobb. Eg har gjort ein dårleg jobb i å gjere Sofie førebudd på omfanget og konsekvensane.
- Medier 24: VG-klubbleiar om leiinga: – Misnøye kan koma. Det må eg ta høgde for
– Var det ein off-record samtale ho sa det i?
– Ja.
– Visste ho at ho kunne bli sitert på det?
– Heile premisset for samtalen var at ho skulle fortelje meg om Trond Giske. Det var ikkje eit intervju. Ho skulle også vise meg videoen. Me vart einige om å få eit sitat, det vart justert undervegs – dagen etterpå – etter hennar ynskje. Ho godkjente det sitatet før publisering.
– Ho forsøkte fleire gongar å få deg til å ikkje skrive det?
– Ho hadde kvelden før sagt at ho ikkje ynskja å medverke i saka. Eg vart beden om å jobbe for å få med hennar stemme i saka den dagen. Det gjorde eg. Eg hadde diskusjonar med Sofie, og til slutt godkjente ho å bli med på å bli sitert. Eg sette eit for stort press på ho for å få ho med i saka. Det er eg utruleg lei meg for, det er mitt ansvar og eg er lei meg for det. Det beklagar eg.
VGs til nå upubliserte materiale om Sofies gjengivelse av møtet med Giske: «Ekkel», «litt ubehagelig», «gikk for langt».
– Er di oppleving at ho har sagt det i den samanhengen, og så har ho trekt sitatet?
– Sitatet skal summere opp korleis ho opplevde møtet med Trond Giske. Ho beskreiv òg opplevinga som litt ekkel, ukomfortabel og litt ubehageleg. Føremålet med «det ble litt mye»-sitatet var å beskrive hennar oppleving i eitt sitat, og få fram at ho både hadde det hyggjeleg, hadde ein fin kveld, men at det i nokre sekund i løpet av den dansevideoen vart litt mykje for ho.
– Kvifor siterte du ho ikkje på at ho opplevde det som ekkelt?
– Ho ynskja ikkje å bli sitert på det, eller andre ting. Me vart einige om dette sitatet.
– Kva tenkjer du om at ho seier til TV 2 at VG teiknar eit feil bilete av situasjonen, dersom ho har sagt det var ekkelt og ukomfortabelt?
– Det eg kan seie er at eg forstå at ho tykkjer vår framstilling gir eit feilaktig inntrykk av kvelden. Hennar forteljing til meg er at ho i nokre sekund tykkjer at Giske var litt ekkel, eller at det vart litt mykje, men at ho personleg ikkje hadde problem med det.
– Forstår du at ho går ut i TV 2 og viser eit så sterkt ubehag ved saka?
– Eg har stor forståing for det. Ho er ei ung kvinne utan erfaring med medium. Eg burde teke vare på ho som ein del av saka på ein mykje betre måte. Eg beklagar at ho opplevde møte med meg på ein annan måte.
- Medier 24: Jeg ville aldri drømme om å offentliggjøre eller gjengi utdrag fra off-the-record samtaler
VG har satt seg selv i en umulig spagat. Denne saken er ikke over. | Andreas Slettholm
– Kva tek du med deg frå denne saka?
– Eg har lært meg at eg må vere forsiktig med personar som ikkje har erfaring med journalistar og presse. Her var eg for pågåande. Eg burde vore meir omsorgsfull og gitt ho betre tid, og til dømes latt ho lese saka og forklare ho korleis dette ville slå ut. Ho var ikkje førebudd på det, og ansvaret er mitt.
– Leiinga og meg er einig om at eg tek seks månadar permisjon, før me skal avklare mi framtid i VG. Eg skal tenkje mykje på korleis denne saka har vore. Denne saka har vore ein forferdeleg dyr lærepenge for meg.
– Korleis har dette vore å stå i for deg?
– Eg må tole å bli sett i eit kritisk søkjelys. Det toler eg. Eg har gjort feil, og må tole å bli kritisert, sjølv om det er vondt.
– Tykkjer du leiinga har teke tilstrekkeleg ansvar?
– Alle me i VG som har gjort feil tek ansvar. Me skal lære av våre feil.
– Burde saka ha blitt skriven i utgangspunktet?
– Eg er einig med Gard Steiro om at saka har offentleg interesse, men me burde løyst det på ein heilt annan måte.
– Eg skal ta lærdom, men eg er glad for at det vert slått fast i rapporten om at ingenting er fabrikkert.
Sofie uenig i VGs fremstilling
Sofie har i etterkant til TV 2 sagt at hun angrer på møtet med VG-journalisten.
I arbeidet med rapporten har VG også snakket med Sofie. Hun går der ut mot en rekke av beskrivelsene som er gjengitt av VGs medarbeidere.
Ved gjennomlesing av rapporten tirsdag 26. mars mener hun at Skarvøys gjengivelse av møtet på McDonald’s ikke er riktig:
- Hun sier at hun aldri har sagt at Giske oppførte seg «upassende og ekkel».
- Gjentatte ganger ga Sofie tydelig beskjed om at hennes utsagn om at «det ble litt ukomfortabelt», ikke var riktig.
- «De er grådige og forsyner seg», nekter hun også for å ha sagt.
Hun ga også beskjed om at hun ikke ønsket å gi noen kommentar til saken.
Aftenposten kontaktet onsdag kveld Sofie for å få hennes synspunkter på at informasjon fra tidligere upublisert materiale, bakgrunnssamtaler og annen kontakt er gjengitt i VGs evalueringsrapport. Hun har ikke svart.
- Hør Forklart-episoden om VG-saken: