Norge

Kjempestein landa få meter frå telta

– Eg åtvara dei mot steinsprang, men dei høyrde ikkje på meg, seier fastbuande.

Rundt telta som er sett opp nedst i Stalheimskleiva ligg steinraset. Til all lukke trefte ikkje dei store steinane telta. Foto: Privat

  • Kari Pedersen

(Bergens Tidende): Eit stort steinsprang var nær ved å treffe teltturistar i Nærøydalen natt til laurdag. Kjempestein på over tre tonn landa berre meter frå telta.

Berre timar før raset gjekk vart dei åtvara av fastbuande Roar Jordalen.

– Eg sa til dei at området er rasutsett. Eg ville aldri ha sett opp telt der, seier han til Bergen Tidende.

Rasa i fjor på same plass

Jordalen fortel at han peika på kjempesteinar som låg berre nokre meter frå teltplassen:

– Dei steinane fell på same tid i fjor. Dei landa i vegen og vi skubba dei vekk.

Teltarane snakka norsk, men forstod openbert ikkje alvoret i meldinga dei fekk.

– Det kan ikkje ha gjort stort inntrykk, for dei flytta seg ikkje, konstaterer han.

Raset gjekk i tretida på natta.

Avisa Hordaland skriv at entreprenør rykka ut og bad dei overnattande gå bort frå staden. Då for dei i bilane sine. Telta lét dei stå.

– Den største steinblokken veg fleire tonn, seier Roar Jordalen. Foto: Privat

– Tydeleg prega

Om morgonen trefte Jordalen dei då han var ved rasstaden i halv åttetida.

– Dei kom gåande og var tydeleg prega av opplevinga. Det må ha vore skremmande å kjenne bakken rista under telta.

– Kva sa dei til deg då?

– Dei sa ikkje stort.

Rundt telta deira låg fleire kjempesteinar. Ifølgje Vegtrafikksentralen er den største på heile to kubikk. Då veg steinen minst tre tonn.

Roar Jordalen og sonen Aksel i fjøset med eit av årets lam. Foto: Privat

Politiet melde om raset på Twitter laurdag morgon.

– Større steinar har rast ut ved Stalheimselvi-Nærøydalsvegen, nær krysset til E16, skreiv politiet på Twitter.

Vegen stengd

Trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy ved Vegtrafikksentralen opplyste laurdag morgon at raset gjekk på gamlevegen som går gjennom Stalheimskleivane.

Vegvesenet stengde vegen for trafikk klokka ni laurdag morgon. Då hadde allereie far til Jordalen vore øvst i den einvegskøyrde kleiva og blokkert for innkøyring.

Jordalen seier rasplassen ligg like ved krysset med E16 nede i Nærøydalen.

– Rasfaren er stor no. I går fekk vi store mengder regn for første gong på lenge og snøsmeltinga er stor. Det er så mange faktorar som tilseier at det vil gå steinras, seier han.

Stalheimskleiva er framleis stengd og kjempesteinane vert ikkje rydda så lenge det er rasfare, seier Skånøy på Vegtrafikksentralen.

Les mer om

  1. Telt
  2. Vestland

Flere artikler

  1. BOLIG
    Publisert:

    Komikeren hadde ett spesielt krav før han kjøpte hytte: - Akkurat slik vi vil ha det

  2. FOTBALL
    Publisert:

    Tidlegare Brann-talent var på veg til spansk fotball, men så kom koronakrisa. No er han klar for Øygarden.

  3. BOLIG
    Publisert:

    – De som jakter mote og design, må besøke noen andre. For oss er det viktigst å ha det smått og funksjonelt.

  4. BOLIG
    Publisert:

    Korleis bygga på eit verneverdig hus?

  5. BOLIG
    Publisert:

    Da Line Flesjaa ble syk, flyttet familien til hytta. Det ble et lykkelig valg.

  6. NORGE
    Publisert:

    E39 åpnet igjen etter at stein løsnet fra Eikefettunnelen