Norge

Krigen innhenter Norge

Hva skjedde under opptakten til 9. april? Professor Magne Skodvin lar oss følge utviklingen trinn for trinn, døgn for døgn i stormaktenes hovedsteder og i Oslo. Tidsrommet er de siste fire skjebnesvangre uker før "Weserübung", Hitlers kodenavn for over fallet på Norge . Skodvin har oppsøkt kilder som tildels ikke har vært offentliggjort tidligere . Det var en tid med vanskelige valg og indre motsetninger i vestmaktenes leir, mellom et pågående Frankrike som ville slå til i Skandinavia straks og et mer tilbakeholdent Storbritannia. I det ensrettede Tyskland hadde Hitler fiender som i hemmelighet lekket opplysninger om invasjonsplanene mot Norge . Hvordan ble lekkasjene formidlet? Hvordan skal det forklares at invasjonen kom så overraskende ikke bare på Norge, men også på vestmaktene med sitt store efterretningsapparat?

  • Magne Skodvin

Den 12. mars 1940 hadde begge partane i storkrigen fullt ferdige planar for store krigsoperasjonar mot norske mål. Den britisk-franske var utan samanlikning den største, i den meining at den hadde meiromfattande mål, og ville ta større styrkar i bruk.

Vestmakt-tropper til Norden?

Dei britiske planleggjarane hadde to ulike problem å tumla med. For det første kunne dei stansa malmtilførslene til Tyskland over Narvik, til dømes ved inngrep på norsk sjøterritorium, minelegging eller raids, sabotasje mot hamna i Luleå i Bottenviken eller liknande? På dette punktet var marineminister Winston Churchill den store aktivisten og pådrivaren.

Det andre problemet var storstrategisk, i fullt format. Skulle dei vestallierte yta hjelp til Finland etter det sovjetiske overfallet, 30. november 1939? Spørsmålet melde seg for alvor i juledagane 1939, då det var på det reine at det utrulege var i ferd med å skje, at den finske David kunne stå seg mot den sovjetiske Goliat. Vinterkrigen var den tids store drama. Sympatien for Finlands sak nådde langt inn i aksemaktene. Ein mektig opinion kravde aktiv hjelp til feltmarskalk Mannerheims soldatar. Den 5. februar avgjorde vestmaktene at dei skulle byggja opp eit skandinavisk ekspedisjonskorps, opptil 150.000 mann.

For franskmennene var det eit mål i seg sjølv. Ein front i Skandinavia ville avlasta presset mot dei franske forsvarsverk langs grensa, for dei rekna med at tyskarane ville gripa inn. Churchill tvila sterkt på heile ekspedisjonen; men som eit sideprodukt kunne planen gi kontroll over malmfelta ved Kiruna; for vegen til Finland kunne berre gå over den skandinaviske halvøya, i praksis lettast over Narvik.

Kva var så hovudmålet med eit ekspedisjonskorps i nord? Å hjelpa Finland? Eller å sikra alliert kontroll over malmen? Somme la mest vekt på det eine, somme på det andre. Etter kvart vart det britiske dilemmaet å velja mellom ein stor Skandinavia-ekspedisjon ("major plan") og eit meir avgrensa tiltak mot den svenske malmeksporten til Tyskland ("minor plan"). Denne tautrekkinga gjekk for seg fram gjennom heile vinteren.

Franskmennene var dei største aktivistane og gjekk hardt på i London. Etter mange britisk-franske konfliktar vart den store planen knesett i slutten av februar 1940.

Tysklands planer

I Tyskland var det ikkje slike komplikasjonar. Der var ingen komitear, krigskabinett, vanskelege allierte, påtrengjande folkevalde, fritalande aviser eller debatt om utanrikspolitikk og krigføring i det heile. I eit par små rom arbeidde nokre få offiserar med å planleggja overfallet. Hitler var både statssjef og forsvarssjef, og det han avgjorde, vart utført. Tanken om ei form for femtekolonne, dvs. å gjera bruk av Quisling, vart fort forkasta, og alternativet var strategisk overfall, lynangrep. I Berlin var det aldri på tale å bruka politiske middel, til dømes å støtta opp om norsk nøytralitetsvilje, som den tyske minister i Oslo tala for.

Berlin førde til og med sin eigen sendemann i Oslo bak lyset. Vestmaktene derimot øvde diplomatisk press.

Norge holder på nøytraliteten

Den 2. mars kl. 18:00 kom det alvorlege spørsmålet om å ta imot fransk-britiske styrker opp i norsk regjeringskonferanse. "Dette er viktig," sa statsminister Nygaardsvold, og sende eit ark papir over til statsråd Hjelmtveit, med påskrifta: Ta et kort referat.

Det var heilt uvanleg.

Utanriksminister Koht refererte utkast til svar til den britiske regjering: Den norske regjering ville ikkje "frivillig la seg drage inn i den europeiske krigen og gjøre landet til krigsskueplass for stormaktenes troppestyrker". Men om dei no kjem likevel? spurte statsråd Torp. Det var som svar på dette Koht sa at "vi må ikke stelle oss slik at vi kommer inn i krigen på feil side . . " dvs. på Hitlers side.

Dette hadde nok både han og andre tenkt før denne dagen. Men britane var i tvil om den norske holdning, like til 9. april.

Nygaardsvold skreiv eit lite tillegg til referatet: "Så lenge jeg er statsminister skal ikke landet frivillig gå inn i krigen," noterte han.

"Weserübung" I Tyskland hadde general Nikolaus von Falkenhorst møtt hos Hitler den 29. februar, og lagt fram ferdig operasjonsplanen for "Weserübung" kodenamnet for invasjonen i Danmark og Noreg. Hitler hadde ingen innvendingar, og dagen etter, den 1. mars, underskreiv han den første operasjonsordren. Det som mangla no, var "Weserzeit" — dag og time. Det største problemet var ishindringane i Østersjøen - det var ein uvanleg hard vinter.

Finland brukte sine siste krefter. Den l1. mars let Mannerheim den britiske sendemannen forstå at han hadde tapt all tillit til dei vestallierte. Håpet var ute.

I London den 12. mars lukkast det endeleg å få godkjent instruksar for avdelingane som var påtenkte for Narvik. Få timar etterpå kom melding om den finsk-sovjetiske freden.

Dermed mista vestmaktene påskotet till å senda eit ekspedisjonskorps til Skandinavia.

Vinterkrigen slutt 13. mars: Den finsk-sovjetiske våpen-stillstandsavtalen vart underskreven i Moskva.

Kva skjedde så med dei allierte planane, og dei tyske?

Den britiske statsminister Neville Chamberlain rådførde seg med ministeren for "Coordination of Defence", lord Chatfield. Framdriftsplanen for store Skandinavia-operasjonen ( "Plymouth" ) var slik at første landsetting i norsk hamn kunne skje den 20. mars, dersom regjeringa gav ordre om det. No stod fortroppane så godt som på bryggekanten, og venta på innskipingsordre - som dei aldri fekk.

Franskmennene såg ingen grunn til nytenking. Dei tala om å ta Narvik, marsjera mot Gällivare, sikra seg Trondheim, overvaka skipsleia derifrå og ta kontroll over jernbanen til Sverige. Til sikring ville dei senda land- og flåtestyrkar mot Bergen.

Dette var svært langt frå den britiske vurdering.

No var det tre vegar å velja mellom, sa Chamberlain: 1) å la operasjonen i nord rulla vidare, 2) å frysa operasjonen til så lenge, 3 ) å avlysa det heile .

I Tyskland kom utkastet til instruks for general Falkenhorst, der det mellom anna heiter: "Målet for okkupasjonen av Noreg er å forvandla dette landet til eit sterkt tysk støttepunkt, å avvisa vidare britisk-franske landingsforsøk, og utover dette å skapa ein sterk base for komande tysk luft- og sjøkrigsføring." Den endelege Führer-ordren let venta på seg. General Jodl noterte: "Han er fremdeles på leting etter en begrunnelse."

Bitter Churchill 14. mars: Churchill stod fast på planen om ei eller anna form for inngrep mot malmtrafikken fra Sverige til Tyskland, og protesterte mot at alle tiltak skulle avlysast. Han møtte liten gjenklang i kabinettet. Statsminister Chamberlain gav tonen: Dette ville berre gjera fullstendig ende på all svensk og norsk sympati. Utanriksminister Halifax åtvara mot alle tiltak som kunne "driva nordmenn og svenskar i armane på Tyskland."

Churchill skreiv eit bittert brev til Halifax: No smeltar isen snart; tyskarane er herrar i Norden. Kan vi gå ut frå at dei ikkje har tenkt på kva dei no skal gjera? Ver sikker, dei har ein plan. Vi har ingen.

I Paris utarbeidde statsminister Daladier ein note der han gjekk hardt inn for å slå til straks: Nordmennene finn seg i at Tyskland misbrukar nøytraliteten. Svenskane øver press på Finland. Dei opnar vegar for Tyskland og hindrar oss i våre mottiltak. Det som no må til, er eit hardt tiltak, og det straks, framholdt Daladier.

Britene skrinlegger felftog inord 16. mars: I Tyskland har general Jodl vurdert etterretningsmeldingane om at 15-16 britiske ubåtar overvakte Nordsjøen. Han kom til at dei ikkje kunne tolkast som ein oppmarsj mot norske mål. Sidan britane har trekt tilbake sju ubåtar, er denne oppfatninga ikkje sannsynleg lenger, noterte Jodl.

Det britiske War Office heldt fram med den omorganiseringa som måtte til etter at Skandinavia-ekspedisjonen var avlyst.

Mellom anna var operasjonsplanane lagt slik at dei kunne utførast i fleire varianter, som hadde ulike kodenamn. Den store planen, med hjelp til Finland og sikring av tilførslevegane over norsk og svensk område, heitte "Plymouth". Men deler av denne, med modifikasjonar, kunne utførast kvar for seg, uavhengig av om "Plymouth" kom i gang. Operasjon "Avonmouth" hadde Narvik som mål. "Stratford" tok sikte på Trondheim og Bergen, men kunne delast opp, dvs. utførast mot den eine av byane, eller mot begge. Stavanger var eit spesialtilfelle, for di ein tysk operasjon lett kunne nå dit før britane rakk å reagera. I så fall skulle britiske styrkar prøva å gjera flyplassen Sola ubrukeleg, og så dra seg attende. No var disse operasjonane avlyste, og styrkane skulle oppløysast.

Den franske overkommandoen slo seg ikkje til ro med å avvikla, men la opp ein ny krigsplan.

Brev til Berlin 17. mars: Den tyske sendemann i Oslo, dr. Curt Bräuer, skreiv til utanriksdepartementet i Berlin og understreka, som han hadde gjort før, at det var ingenting den norske regjering heller ville enn å vera nøytral. Tyskland burde støtta denne politikken. Men han skreiv for arkivet. Det var andre krefter som avgjorde i Berlin no, og dei hadde andre kjelder her i landet som det passa dei betre å høyra på.

Norge skal utnyttes 18. mars: I Tyskland avleverte avdelinga for krigsøkonomi sine krav til utnytting av Danmark og Noreg for den tyske krigsøkonomien. Den norske industrien var spesielt viktig ("von ganz besonderer Bedeutung") for tysk rustningsindustri. Industriprodukt måtte snarast mogleg koma Tyskland til nytte. Det fylgde ei lang liste over topprioritert malm: sink, nikkel, kopar, titan, wolfram, molybden, sølv og svovelkis. Toppviktige var dg alle bedrifter som foredla slikt, dessutan elektrokjemisk industri som leverte sprengstoff, nitrogen, superfosfat, kalsiumkarbid og natriumprodukt, vidare rustningsbedrifter, skipsverft, og elverk som leverte industrikraft.

Fransk-britisk uenighet 19. mars: I Paris hadde deputertkammeret eit stormande møte for stengde dører. Gjennomgangstemaet var sterk, til dels beinhard kritikk mot regjeringa, både for Finlands-politikken og for krigføringa i det heile . Slutt med å driva diplomati som i fredstid, sa representanten Fernand-Laurent, før krig! Statsminister Daladier var den viktigaste skyteskiva for kritikken. Statsministerskiftet som no nærma seg, fekk store konsekvensar for Norden. Aktivismen slapp til for fullt.

I London vart dei fransk-britiske motsetningane stendig tydelegare. Den franske London-ambassadøren under streka på ny at dei allierte burde okkupera norske hamner. Britane svara enno ikkje på den franske noten, men gjennom ambassaden i Paris orienterte utanriksminister Halifax om det britiske synet: dei allierte måtte ikkje handla slik at dei tvinga Noreg og Sverige inn på tysk side.

Miner i norsk farvann?

  1. mars: Utanriksminister Koht hadde lenge trenert eit britisk framlegg om at det burde leggjast ut norske miner i kystleia, dvs. å driva tysk trafikk ut i internasjonalt farvatn. No sende han det til Admiralstaben, til teknisk utgreiing. Kommanderande admiral ville, i tilfelle, leggja minefeltet ved Stadt. Men Koht påviste at den tyske trafikken ikkje var særleg stor, og lenger kom det ikkje.

Den same dagen sende Albert Hagelin ein av sine mange rapportar til Berlin. Hagelin var norsk forretningsmann, lenge busett i Tyskland, og arbeidde særs aktivt for Quisling. Han hevda at det var gjort ein avtale mellom "de tre regjeringer" (den norske, britiske og franske ) om at ein alliert landgang ikkje skulle møta motstand. Det einaste som enno var ukjent, var tidspunktet for aksjonen. Dette var "opplysningar" som måtte falla meir i smak hos toppfolk i Berlin, og difor nådde dei høgare opp enn Bräuers nøytralitetsvennlege tankegang.

Tyskernes svake punkt 21. mars: Den franske regjeringskrisen var slutt. Paul Reynaud kom til makta på ein storm av kritikk mot den gamle regjeringa, og mot Daladier personleg. Aksjon og slagkraft i krigen var Reynauds program.

I Tyskland finpussa general Falkenhorst og hans folk detaljane i planen om invasjon i Noreg. Dei var urolege for ein viktig fase av operasjonen. Falkenhorsts oppdrag var reint militært. Inngrep i norsk forvaltning, politikk og økonomi sorterte under sendemann Bräuer, men det skulle han ikkje få vita før den 8. april om kvelden. Hans rolle var å overlevera det tyske ultimatum i grålysinga den 9. april, i det dei tyske krigsskip kom inn. Falkenhorst ville ha den diplomatiske aksjonen unnagjort tidlegare, så han ikkje risikerte forviklingar. Men Hitler sa nei, for i så fall kunne regjeringa få tid til å be om hjelp.

Falkenhorst hadde påvist det veikaste punktet i heile opplegget. Den 9. april slo den politiske planen feil. Dermed var dei tyske troppene uvisse på kva som skulle skje, og kunne ikkje straks slå til så hardt som dei hadde instruks om.

Tyskland advarer Norge 25. mars: Sendemann Bräuer oppsøkte utanriksminister Koht. Han klaga over britiske inngrep mot tysk skipsfart på norsk område. Når slike ting skjedde gong etter gong, so kunne det tenkjast at Tyskland sjølv "overtok vernet" av norsk område. I ettertid kan det høyrast ut som eit velinformert forvarsel. Sendemannen hadde enno ikkje greie på dei tyske planane. Men han kan ha gjort seg sine tankar. Den tyske etterretningsoffiseren de la Porte var i Oslo med hemmeleg oppdrag.

Same dagen hadde han sagt til sine tyske kontaktar at han skulle finna ut kva støtte som kunne ventast frå Nasjonal Samling i tilfelle tysk innmarsj - dvs. slik vart han referert seinare. de la Porte hadde og ein samtale med Quisling. Hans næraste norske kontakt var Herman Harris Aall, den sterkt tysk-orienterte juristen og forfattaren.

Quisling-tilhengjaren Hagelin avleverte ei lang framstilling i Berlin. Ein velinformert person hadde sagt til han "at Englands ventede aksjon var uunngåelig, for England vet meget godt at det bare kan vinne krigen når det disponerer over de norske havner. Dessuten frykter det en tysk avvergelsesaksjon som det vil komme i forkjøpet . . . Etter alt dette må man når som helst regne med en engelsk aksjon." Det var unødvendig å masa på Berlin. Det skulle visa seg dagen etter.

Hitler gir startsignal for invasionen 26. mars: Hitler gav signalet som alle dei utvalde venta på. Marinens øverstkommanderende, storadmiral Raeder noterte, etter ein lang konferanse: "Spørsmålet om hvorvidt for tiden en engelsk landing i Noreg fremdeles er akutt, må etter mitt skjønn besvares med nei.

Spørsmålet hva vil englenderne foreta seg i Norden i næermeste fremtid, må besvares slik: De vil fortsette å forsøke å belaste den tyske handel i de nøytrale farvann og fremkalle episoder, for på den måte kanskje å få grunnlag for et tiltak mot Noreg. Et ønsket mål er og blir avbrytelse av den tyske Narvik-handel.

Før eller senere vil Tyskland bli stillet overfor spørsmalet om å gjennomføre Weserübung.

Derfor er gjennomføring så snart som mulig formålstjenlig-senest 15/4, for deretter blir nettene for korte; den 7/4 er det nymåne. Ved lengre utsettelse blir marinen for lenge lammet. Ubåtene kan bare bli i posisjon 2-3 uker til.

Hva angår mulighetene til å passere de norske befestningene, så er nordmennene kanskje blitt noe fastere i sin vilje til å verne om nøytraliteten; men det kan likevel ikke antas at de hurtig nok vil fatte beslutning om å åpne ild.

Der Führer er innforstått med Weserübung - Xdag ved nymåne- .

"Frå den same konferansen vart det notert: "Samtale om terminer for operasjonen. Der Führer holder fast ved: først Weserübung, til den trengs det mørke netter. Altså omkring 8.-10/4 W-dag."

Startsignalet var gitt på tysk side.

Paris vil slå tilmot Norge 27. mars: No var det avgjort at det høgaste allierte krigsrådet skulle koma saman i London alt dagen etter. Den nye franske statsminister Reynaud hadde levert ein note, så offensiv både i innhald og form at jamvel den likevektige Chamberlain vart meir enn indignert. Om Skandinavia meinte Reynaud mellom anna at dei allierte straks skulle ta kontroll over norsk sjøterritorium. Tyskland hadde fått lov å "misbruka nøytraliteten for å dekkja sjøkrigsoperasjonar", skreiv han.

Dette kom ikkje uventa på britane, og dei hadde gjort sine meiningar klåre: Ein slik drastisk og oppsiktsvekkjande aksjon kunne berre rettferdiggjerast dersom målet var viktig nok til å oppvega den kritikk som ville koma, særleg i USA. Dessutan ville den svenske malmtrafikken snart gå utan ishindringar til Tyskland over Østersjøen gjennom Lulea Britane heldt fast på det dei kalla ein diplomatisk aksjon, dvs. ein note i så alvorlege vendingar at den burde få nordmennene til å velja side.

Vestmaktene advarer Norge 28. mars: I det høgste allierte krigsrådet la den britiske statsminister Chamberlain fram ein note som skulle sendast til den norske og den svenske regjeringa. Der skulle det stå: Dei allierte var ikkje innstilt på å la krigens gang verka til skade for dei, ved fordeler som Tyskland kunne oppnå frå Sverige og Noreg, og ville reservera seg rett til å treffa slike tiltak som dei måtte finna nødvendige for å hindra Tyskland frå å nyta godt av slike fordeler. Såpass upresis skulle noten vera; men med "tiltak" meinte han minelegging som tvinga malmskip ut i havet, der britiske krigsskip kunne gripa inn.

Den franske statsminister Reynaud hadde heller sett ei stramare form. Han ville slå til straks, utan notar og varsel. Ein fransk deltakar sende ein lapp til Darlan: Dersom vi no skal hersa litt med skandinavane, vil det vera klokt å samla ekspedisjonskorpset og transportskipa på ny. Chamberlain fekk sin vilje. Noten skulle sendast, og minene leggjast ut; men meir vart ikkje avgjort den dagen.

Stormaktsplaner tar form 29. mars: Det britiske War Cabinet slutta seg til framlegget frå krigsrådet, som hadde sett opp denne timeplanen: 1. april, notar til den svenske og norske regjering. 4. april miner i Rhinen. 5. april miner i skipsleia utanfor norskekysten (operasjon "Wilfred"). 15. april flyoperasjonar mot elvar og kanalar i Tyskland, som supplement til elveminene.

Dersom norske minesveiparar rydda veg gjennom minefelt, skulle dei ikkje hindrast. Minene skulle heller ikkje utstyrast slik at dei var vanskelege å sveipa.

Kappløp om Norge?

  1. mars: Den britiske sjefsnemnda sette opp ei lang liste over tenkelege tyske reaksjonar på minelegging i norske hamnar: propagandakampanje, hardare blokade av Storbritannia, krav om at Noreg skulle sveipa minefelta, skremmande flydemonstrasjonar osv. Som nummer 7 kom så dette: "Tyskland kan . . . etablera fly- og flåtebasar i Sør-Noreg for å ta opp kampen om kontroll over malmen, og forsterka sine åtak mot britiske flåtebasar, krigsskip og konvoiar." I så fall var svaret: "Så snart tyskarane set fot på norsk grunn, eller det er klårt prov for at dei har til formål å gjera det, skulle vårt formål vera: a) å senda ein styrke til Narvik . . . b ) som eit forsvarstiltak, å senda styrkar for å okkupera Stavanger, Bergen og Trondheim, for å hindra tyskarane i å bruka dei som flåte- og/eller flybasar.I eit slikt tilfelle var det håp om at nordmennene ville samarbeida med dei britiske styrkane, og landingane skulle gå lett, bortsett kanskje frå Stavanger, der tyskarane kunne ha kome først.

På den andre sida var det mogleg at nordmennene kunne vera skremde av tyske trugsmål eller harme over vår minelegging, slik at dei ville finna seg i den tyske plan og stå fiendtleg til vår. I så fall ville ingen av dei landingar som hittil hadde vore på tale, kunne utførast, og krigen måtte gå vidare på sjøen."

Britane tok til å stilla opp ein styrke, med dei kreftene dei enno hadde i Storbritannia, etter ein plan frå januar/ februar, som heitte R4, og som den gongen var alternativet til den store operasion "Plymouth".

I Paris var det mindre tvil. Tyskland vil ikkje bli ståande passivt, sa den franske marinesjefen admiral Darlan: Dei samlar no krefter til ein skandinavisk ekspedisjon. Vi må vera klar til å gå til Narvik.

I Oslo hadde NS-avisa Fritt Folk fått ei pengeinnsprøyting og tok til å koma som dagsavis.

Invasionstroppene igang 1. april: Hitler har fastsett dagen: den 9. april.

Det er representativt frammøte hos der Führer klokka 13. Storadmiral Raeder går gjennom operasjonsplanen i store drag, i ein halv times foredrag for dei viktigaste sjefane. Etter eit formiddagsmåltid var det meir inngåande gjennomgang med alle som skulle føra kommando "i første linje". Det einaste som no står att, er den skriftlege ordren. På den skipsgruppa som skulle til Narvik, tok det militære mannskapet til å gå ombord alt denne kvelden. Dei fekk for knapp tid til den lange vegen. Ingen av dei nådde fram i tide. To vart senka den 10. april (Rauenfels" og "Alster"). To andre vart hefte i Haugesund, fordi gløgge losar i Kopervik hadde fått mistanke til dei.

I Berlin tok det no til å gå alvorlege rykte. Den svenske sendemannen hadde sagt til sin norske kollega Arne Scheel at det skulle vera soldatar som gjekk ombord i transportskip i Stettin. Scheel melde dette til UD, og la til: "At man her er sterkt opptatt av tanken på britisk aksjon mot malmtransporten over Narvik, forekommer mig selvfølgelig. Troppeinskibningen i Stettin står vel neppe i forbindelse med operasjoner i Noreg. Det kan være at man har Sverige for øie; men det sannsynlige er vel at troppene skal sendes østover. "

De tyske skip går ut 2. april: Klokka 15:30 tysk tid var sjefane for flyvåpnet, marinen og hæren hos Hitler. Alle melde at alt var i orden for å setja i gang invasjon av Noreg. Overkommando der Wehrmacht ekspederte ordren: "Der Führer og krigsmaktens øverstkommanderende har gitt befaling om gjennomføringen av Weserübung og understreker den særskilte betydning av a holde de kommende tiltak hemmelige .

Wesertag ist der 9/4 1940.

Weserzeit 5.15 Uhr. "

Natt til 3. april klokka 02:00 gjekk dei i første transportskipa ut, dei som skulle til Narvik.

Invasjonen var i gang.

No mottok og invasjonsstyrken sin operasjonsordre nr. 2, med instruksar for tida "etter gjennomført landing": "Målet for okkupasjonen av Noreg er å gjera dette landet til eit sterkt tysk støttepunkt, å hindra alle vidare allierte landingsforsøk og dessutan skapa ein sterk base for den komande tyske luft- og sjøkrigsføring mot England. Vidare skal dei i økonomiske kreftene i landet vidtgåande 6 dragast til nytte for tysk krigsøkonomi." I den spesielle instruksen for 3. bergdivisjon i Narvik heitte det mellom anna: "Divisjonen må til kvar tid vera i stand til å okkupera jerngruvene i Kiruna (Sverige ) med eit tilstrekkeleg sterkt détachement. "

Først denne dagen vart det tyske utanriksdepartementet orientert, og fekk utlevert dei dokument som skulle overleverast til den norske regjering på invasjonsdagen.

Overkommandoen innprenta at Kongen måtte hindrast frå å forlata landet. Det var Hitlers ordre.

Vidkun Quisling reiste over Kornsjø til København. Der skulle han møta ein tysk agent.

Varsler 3. april: Fire tyske skip er no i sjøen på veg til Narvik: "Bärenfels" pa 7600 tonn, "Rauenfels" (8500), "Alster" (8500) og tankskipet "Kattegatt" (6000) . Til Narvik skal og forsyningsskipet "Jan Wellem" (12.000), ein ombygd kvalfangar, men den kjem frå "Basis Nord" - ei hamn som den tyske marinen disponerte på den sovjetiske ishavskysten-og har kortare veg. På tysk side er det no berre eit spørsmål om å halda timeplanen og koma uhindra fram til dei norske mål.

Britane har utsett minelegginga i norske farvatn tre dagar, frå 5. april til 8. april.

Britane har sin eigen diskusjon om "varsel før 9. april". Heilt frå desember 1939 hadde det kome inn ymt og spådomar om tysk aksjon mot Skandinavia. Men dei gjekk seg ofte bort i labyrinten av organ og avdelingar som arbeidde bak stengde dører. Dei hadde så godt som ikkje tverrkontakt. Like viktig var det truleg at ingen tenkte seg det utenkelege: at tyske krigsskip kunne nå Narvik uoppdaga.

Seint på ettermiddagen kom ein dramatisk lekkasje i Berlin. Den tyske etterretningsoffiseren Hans Oster, ein motstandar av Hitler-regimet, sa til den nederlandske militærattacheen at eit overfall på Danmark og Noreg var i vente.

I København møtte Quisling den tyske, etterretningsoffiseren Hans Piekenbrock. Tyskerens rapport frå møtet er temmeleg mager: ingen ting nytt av interesse for marinen; for hær og flyvåpen nokre verdifulle opplysningar om troppestyrkar, flyplassar, beredskap i flyvåpenet osv. Quisling meinte at kystbatteria knapt ville skyta utan å ha spurt seg for hos regjeringa først. Til ein okkupasjon ville det trengjast seks divisjonar. På presise spørsmål svara Quisling "unnvikande".

En diplomat som sviktet 4. april: Lekkasjen frå tysk etterretningshald om at eit overfall på Noreg og Danmark var i vente kom gjennom den nederlandske militærattacheen til den svenske marineattacheen Forshell og den danske militærattacheen Kjølsen. Det var ingen norsk attache i Berlin; men legasjonssekretær Ulrich Stang har, etter det nederlendaren opplyste seinare, fått dei same opplysningane. Svenskane og danskane sende straks kurerar med fly for å bringa meldingane heim. Den norske legasjonen sende eit brev som gjekk ut på at "ansvarlig hold" rekna med tysk innmarsj i Holland, kanskje alt i neste veke. Brevet sluttar slik: "Legasjonen gjengir foranstående med alt mulig forbehold, men da vedkommende militærattache er kjent som en sindig og velinformert mann, har legasjonen ikke villet undlate å innberette om dette. Vedkommende militærattache antydet også tysk innmarsj i Danmark med sikte på å skaffe baser for tyske fly og u-båter på Jyllands vestkyst."

Undersøkelseskommisjonen av 1945 uttala om dette: "Når Norge ikke er tatt inn i brevet, må årsaken være enten en grenseløs likegyldighet eller et bevisst ønske fra Stangs side om å hemmeligholde opplysningene for sin sjef i Berlin. Stang var nazivennlig, og ble ogsa senere medlem av Nasjonal Samling."

Norske forsømmelser 5. april: Frå Berlin sende Noregs sendemann Arne Scheel ei tilleggsmelding. Den danske militærattache Kjølsen hadde nemleg oppsøkt han dagen før, til ein samtale på tomannshand. Dagen etter telegraferte han: "De samme forlydender . . . er hørt av den herværende danske legasjon, som dessuten har hørt rykter om besettelse av punkter på Norges sydlige kyst. Hensikten med de fremstøt som ryktene handler om, skulle være å skynde på krigsforløpet, og å komme vestmaktene i forkjøpet." Undersøkelseskommisjonen av 1945 fann at opplysningane frå Kjølsen dermed var "brakt videre som et svakt ekko". Før dette telegrammet kom fram, hadde den norske minister i København, August Esmarek, ringt til Oslo og fortalt om kurermeldinga som danskane hadde sendt frå Berlin. Dansk UD ville vita "om man i Norge tenkte å gjøre noen henvendelse til Berlin", for eventuelt å få ryktet dementert. Utanriksråd Bull, som tok telefonen, konfererte med Koht og ringde tilbake. Han hadde ikkje meir å byggja på enn meldingane frå Berlinlegasjonen; "men jeg gikk ut fra at det gjaldt samme slags rykter som var referert i "Aftenposten" for i går morges under overskriften "En korrespondents fantasier"." Dersom det verkeleg var noko i dette, så ville ikkje Berlin gi truverdig svar.

Denne dagen kom noten frå dei to vestmaktene. Den inneheldt det som var utforma den 27. mars, om at dei allierte ville ta seg rett til å hindra at Tyskland hadde fordel av norsk nøytralitet.

"Weserübung" gjekk sin gang etter planen. "Levante" (4800 tonn) og "Main" (7600) gjekk frå Hamburg klokka 02:00. "Sao Paolo" (5000), også til Trondheim, hadde fått eit lite forsprang. "Kattegatt" låg i Kopervik, og vart trenert av losane, som hadde mistankar.

"Rykter om tysk offensiv" 6. april: No var turen komen til transportar for Kristiansand: "Wigand" (5900 tonn), "Westsee" (5900), "Kreta" (2400), "August Leonhard" (2500), alle frå Stettin klokka 17:00. Alt gjekk i samsvar med planen, og general Jodl noterte godt vervarsel med høgtrykk i Nordsjøen. Berre eitt problem dukka opp: Kryssaren "Lützow", som skulle til Trondheim, hadde maskinvanskar og redusert fart, og måtte omdirigerast til Oslo.

Den tyske generalstabssjefen Franz Halder noterte at han ikkje rekna med engelsk angrep på Noreg.

Frå København gav den norske sendemann Esmarek meir fullstendige opplysningar om sine samtalar i dansk UD, og refererte "meget bestemte og tilsynelatende pålitelige rykter om at en stor tysk offensiv var umiddelbart forestående. Offensiven ville gå ut på et tysk angrep på Frankrike gjennom Belgia og Holland og samtidig vilde store tyske militærstyrker besette visse deler av Vestjylland og Syd-Norge for der å skape baser for flyangrep mot England. Med hensyn til Sverige var ryktene mer ubestemte. Der var samlets tore tyske troppe masse r i Nordtyskland og i Swinemünde lå en tysk transportflåte på 140.000 tonn." Dette sende Esmarek som brev, og det kom til Utanriksdepartementet i Oslo den 8. april.

Koht hadde ein telefonsamtale med den svenske utanriksminister Christian Günther og fekk inntrykk av at det ikkje var stor uro i Sverige. Om kvelden gav Koht ei orientering i Stortinget. Det var eit møte for opne dører, og han refererte ikkje meldingane frå København og Berlin, heller ikkje dei allierte notane, men hadde dei nok i tankane då han sa at "nøytralitetskrenkingar altfor lett kan føra til at sjølve det norske sjøområdet, ja kanskje landområdet og, kan bli gjort til slagmark for krigførande, og dermed kan Noreg vera inne i sjølve storkrigen før det varest". Etter stortingsmøtet la han notane fram for regjeringa, og orienterte formannen i utanrikskomiteen, C. J. Hambro.

War Cabinet godkjende instruksar for styrken, som var øyremerkt for en operasjon i Noreg, og som no var i full beredskap. Dei skulle berre landa dersom det var på det reine at den norske regjering ville finna seg i det. Sporadisk motstand måtte dei tola, og ikkje bry seg om, men dei skulle ikkje gå til kamp mot alvorleg norsk motstand.

Varslene oversees 7. april: "Roda" (6800 tonn) går ut for Stavanger, tre andre transportskip er alt på veg dit ("Tübingen, 5500 tonn, "Tijuca" på 5900, "Mendoza" 5200). Mot Bergen stima no "Marie Leonhardt" (2600), "Curytiba" (5500), og "Rio de Janeiro" (5300). "Senator" (845) var på veg til Oslo. Dei fleste skulle vera på plass i norske hamner når krigsskip og tropper kom. Denne dagen tok krigsskipa til å gå ut. Dei førde tropper og lett utstyr. Ved midnatt hadde den lette kryssaren "Hipper" gått ut, like eins 14 destroyerar, ti til Narvik, fire til Trondheim saman med "Hipper". "Blücher", "Lützow", "Emdem" og tre torpedobåtar gjekk frå Swinemünde kl. 22:00 - dei skulle til Oslo.

Den norske sendemann Scheel i Berlin telegraferte til UD: "Det opplyses fra pålitelig hold at 15 á 20 skip på en samlet tonnasje av 150.000 tonn har gått ut fra Stettin med vestlig kurs natt til 5. april. Det opplyses videre at bestemmelsessted skulle nås 11. april, stedet ukjent." Telegrammet var utforma av Stang. Om dette uttala Undersøkelseskommisjonen: "Stang sier at han nå fikk den positive og forferdende meddelelse at den store tyske transportflåte i Stettin måtte være bestemt for angrep på Danmark og Noreg. Han formulerte så telegrammet til Oslo, og hevder at han ga beskjed om at aksjonen også måtte gjelde Noreg ved å henvise til rapport nr. 611" - dvs. Scheels brev av 1. april. Kommisjonen fann det "besynderlig" at meldinga kunne få "en så kunstig form". Chiffervakta i UD, fru Gudrun Ræder, telefonerte strakt til Koht, og var ikkje i tvil om at flåten hadde norske mål. Koht trudde heller dei skulle ut i Atlanteren, eller, som det stod i telegrammet, mot vest.

I Scapa Flow gjekk ein kontingent av dei britiske styrkane bestemt for Noreg ombord i kryssaren "Aurora". Bataljonen til Trondheim var alt innskipa, like eins dei fire bataljonane til Bergen og Stavanger. Dei venta berre på ordre om avgang.

Forvirringens timer I 8. april: Klokka 06:00 vart ein ny fransk-britisk note avlevert i UD. Den opplyste at det vart lagt ut miner på tre stader langs kysten; i Vestfjorden, på Hustadvika og ved Stadt. I realiteten vart det første utlagt, det andre berre markert, og det tredje ikkje lagt i det heile. Den utvida utanrikskomiteen kom saman klokka 10:00. Koht refererte noten, admiral Diesen orienterte. Koht sa at det straks måtte leverast ein alvorleg protest med krav om at dei allierte fjerna minene - ellers måtte vi ta dei bort sjølv. Mange var uvisse om kva som vidare kunne skje. Mowinckel sa mellom anna: "Utenriksministeren . . . har alt pekt på at den tyske flåte vil kunne besette en plass i Sør-Noreg. Dette med den tyske flåte tror jeg ikke på, dertil er den tyske flåte for liten . "

Ut over formiddagen kom det mange meldingar om den tyske flåten som var på veg gjennom dansk farvatn. No tok også britane til å forstå kva som var i emning. Klokka 15:00 telefonerte Colban frå London at eit telegram var i vente. "Det gjelder angivelig tysk flåtebevegelse henimot Narvik." Telegrammet kom omkring 18:00: Admiralty hadde varsla legasjonen, klokka 13:00, om tyske styrkar på veg nordover. "Det antas med bestemthet at det er hensikten å foreta operasjoner mot Narvik og at de kunne komme dit før midnatt." Utanriksministeren var då i Stortinget som hadde vanleg møte 17:15, og for stengde dører 17:35. I dette møtet opplyste forsvarsministeren at han 17:35 hadde fått melding om torpedering av det tyske transportskipet "Rio de Janeiro" utanfor Lillesand, med soldatar ombord. Dei sa dei skulle til Bergen. Dette var alt kjent gjennom ekstrautgåver av avisene . Admiral Diesen meinte at dette berre var kamuflasje. Koht, statsminister Nygaardsvold og forsvarsminister Ljungberg bad inntrengjande om at stortingsmøtet måtte avsluttast, så regjeringa kunne koma saman. Møtet slutta litt etter 20:00. Regjeringskonferansen vedtok å setja i gang minesveiping den 10. april. I dette møtet la Ljungberg fram forslaget frå kommanderande general om mobilisering. Dette hadde generalstabssjefen bede om i fleire dagar, men først no la forsvarsministeren det fram for regjeringa. I dette møtet ligg og opphavet til den mistydinga som seinare spela stor rolle, nemleg at regjeringsmedlemene ikkje var orientert om skilnaden mellom allmenn og open mobilisering, i motsetning til delvis og stille. Generalstaben hadde ikkje ferdige alternativ for allmenn og open mobilisering i deler av landet.

Regjeringskonferansen slutta litt før 21:30. Ingen av dei tenkte seg då at det kunne skje oppsiktsvekkjande ting om natta. Kommanderande general reiste heim.

NS-medlemer delte ut eit opprop om at no måtte landet få "nasjonal regjering". Quisling flytta heimanfrå og tok inn på Continental. Ved midnatt gjekk flyalarmen.

Artikkelen er hentet fra et mer omfattende materiale offentliggjort av forfatteren i boken "Krig og okkupasjon" som blirutgitt pa Det Norske Samlaget senere iår.

Les mer om

  1. Andre verdenskrig