Norge

Alt du må kunne før skisesongen

Skikkelig smørte ski betyr forskjellen på fiasko og suksess når du er på skitur.

  • Øystein Vik

— Det er veldig stor skilnad på ein klassisk skitur med gode ski i staden for bakglatte ski. Med bakglatte ski tenkjer du fort etter ti minutt at: "Eg gidd ikkje meir". Med skikkeleg smurning kan du gå to timar og kosa deg, seier Kristen Skjeldal.

Lær deg de viktigste tipsene i videoen øverst på siden.

Sprek-ekspert Skjeldal har større skikunnskap enn dei aller fleste. Han er tidlegare landslagsutøvar, har OL-gull i premieskapet og var over gjennomsnittet interessert i ski og skismurning då han var aktiv. Noko av kompetansen han fekk med seg gjennom ei karriere med dei beste skismørarane i verda til hjelp, har han no forenkla – til glede for Sprek sine lesarar.

Ein vinterdag med sol og blå himmel finst det nesten ikkje noko betre enn å spenna på skia og leggja ut på tur. Det einaste som kan øydeleggja er bakglatte ski, klabbing eller sutrete born som berre vil heim. Men kanskje er det ikkje borna si skuld viss dei ikkje trivst i skiløypa?

— Har du småungar er smurning så viktig at det avgjer om dei vil driva med ski i det heile. Born er veldig kresne. Dei vil ha topp feste og super gli. Brukar du litt tid, får du til ski som funkar godt, lover Skjeldal. Han tilrår folk å ha med seg skismurning i sekken eller drikkebeltet for lett å kunna smøra om eller legga på meir smurning.

Treng du konkurranseski?

På denne sida finst instruksar til det meste du måtte lura på no før skisesongen. Du lærer å førebu skia dine til tur, og du får Skjeldal si tilråding til kva utstyr du treng. Men kva ski meiner Kristen Skjeldal folk bør gå på? Er tynne "joggepinnar" for alle?

— Skal du på toppturar eller gå mykje utanfor løypene, treng du breie ski med stålkantar. Skal du gå litt i løyper, og litt utanfor løypene i låglandet er det såkalla "Marka-ski" som gjeld. Dei har ikkje stålkantar, men er litt breiare framme og bak samanlikna med konkurranseski, seier Skjeldal.

Skal du berre gå i løyper, og skal du gå "skikkeleg" langrenn, er det slike langrennsski som proffane har som gjeld. Dei finst i ulike prisklassar. Alle er like breie og finst i fire hovudtypar:

Vanlege klassiske langrennsski, smørefrie klassiske langrennsski med hakkete mønster i festesona, klassiske langrennsski med ferdigrubba sole, og skøyteski.

Kritisk til smørefrie ski

— Dei smørefrie skia går for så vidt på alle slags føre, men fungerer best på lett fuktig snø. Ski med ferdigrubba sole gjer at du slepp smurning, og på det vanskelege nullføret er det ingenting som er like bra som dei. Dei gir spikerfeste og god glid. Dei fungerer også nokolunde bra på klisterføre, men ikkje så bra på tørr snø. Rubbeski kan vera eit godt supplement til vanlege ski, spesielt her på Vestlandet, seier Skjeldal.

— Vanlege klassiske ski er dei som du sjølv legg smurning på. Utanom på nullføre der rubb er best, så er slike ski å foretrekka. Skøyteskia skal sjølvsagt berre ha glivoks, då er det ikkje snakk om feste, seier Skjeldal. Han meiner eigne skøyteski med skøytesko eller kombisko og lengre stavar er ein forutsetnad for å ha glede av skøyting.

- Ski varer i 30 år

Eit spørsmål er om du treng nye ski. For lommeboka er det best å bruka dei du har i bua.

— Tek du godt vare på skia kan dei vara i 30 år, seier Skjeldal.

Klassiske ski har utvikla seg minimalt sidan 90-talet. Skøyteski har halde fram med å utvikla seg kvalitetsmessig, men ikkje så mykje dei siste 10 åra.

— Du må gjera ei vurdering på om skia er for oppskrapa. Og dersom du fekk dårleg hjelp då du kjøpte skia eller har endra vekt, så bør du vurdera på nytt om skia har rett spenn for deg, seier Skjeldal.