Ukjente dronar sett offshore: – Viktig å vera observant

CHC har i samsvar med rutinane bede pilotane om å vera oppmerksame etter at ukjente dronar er observerte offshore.

Ikkje namngjevne kjelder fortel til nettstaden Aldri Mer at Johan Sverdrup skal ha fått besøk av ukjent drone. Equinor verken bekreftar eller avkreftar at dette er ein av dei involverte installasjonane.

– Me er gjort kjent med at det er observert droneaktivitet ved oljeinstallasjonar, og me har rutinemessig varsla besetningane våre om å vera oppmerksame på slik aktivitet, skriv André van Niekerk, operativ vakt hos helikopterselskapet CHC.

Dette er eitt av selskapa som regelmessig flyr til installasjonar i Nordsjøen. Aftenbladet kontaktar CHC etter at nettstaden Aldri Mer førre veke skreiv at ukjente dronar er sett ved oljeplattformer i Nordsjøen.

Sør-Vest politidistrikt bekreftar at saka er kjent for dei, men dei har foreløpig ikkje noko meir å seia.

Dersom CHC-pilotar observerer dronar i kontrollert luftrom, rapporterer dei det vidare til styresmaktene. Men CHC har ikkje registrert noko som har samanheng med denne saka, fortel van Niekerk.

Equinor har rapportert

– Me har gjort observasjonar av uidentifiserte dronar ved enkelte av installasjonane våre, bekreftar Eskil Eriksen, pressetalsperson i Equinor.

– Me tar hendingane på alvor og rapporterer observasjonane til norske styresmakter, Petroleumstilsynet og politiet, held Eriksen fram.

Han fortel at Equinor er i dialog med styresmaktene om oppfølging av droneaktiviteten.

– Av omsyn til tryggleiken ønsker me ikkje å offentleggjera tiltak me gjer.

I den første saka som Aldri Mer har publisert, blei tre spesifikke felt namngjevne, basert på anonyme kjelder. Aftenbladet spør Equinor om dei kan bekrefta dette. Laurdag blei det i tillegg gjort ei ny observasjon av drone ved Sleipner-området.

Felta det gjeld er:

  • Johan Sverdrup
  • Gullfaks C
  • Snorre A
  • Gina Krog

– Me kan ikkje kommentera informasjonen Aldri Mer har publisert, sa Eriksen til Aftenbladet før helga.

Men måndag bekrefta han den siste observasjonen ved Gina Krog i Sleipner-området, skriv Aldri Mer.

Han svarer heller ikkje på kor langt tilbake i tid observasjonane fann stad.

    Generell tryggleiksrisiko

    Helikopterselskapet Bristow har også omfattande trafikk offshore.

    – Dronar er på generelt grunnlag ein stor tryggleiksrisiko. Straks dei flyr i same luftrom, kan dei skapa farlege situasjonar, seier Sondre Nordseth, sjefspilot hos helikopterselskapet Bristow.

    Han har heller ikkje noko å melda om den konkrete situasjonen. Men han fortel at det generelt i befolkninga dei siste ti åra er blitt fleire og fleire dronar med lengre og lengre rekkevidd.

    At dei også kan bli sende opp frå båtar, gjer at ein kan møta dei langt til havs. Nordseth understrekar at han ikkje har nokon meining om kvar dei ukjente dronane blei sende frå.

    – Alle aktørar som er innblanda i luftfart tar dette på alvor. Dei gjer sitt beste for å rapportera om observerte dronar.

    – Har de fått nokon særskilt beskjed om å vera på vakt etter at dei ukjente dronane blei observerte?

    – På generelt grunnlag minner me med jamne mellomrom alle folka våre på viktigheita av å vera observant, svarer Nordseth, og legg til at dei aldri har hatt nokon uønskte hendingar med dronar.