Personalia

Nekrolog: Knut Helle

Ein av dei store i norsk historieforsking og historieskriving, professor emeritus Knut Helle, gjekk bort 27. juni, 84 år gammal.

Knut Helle - nekrolog 0607 2015.jpg

Helle let etter seg ein uvanleg rik vitskapleg produksjon. Hans avhandlingar som Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150-1319 og Gulatinget og Gulatingslova er både standardverk og oppslagsverk for alle som arbeider med norsk politisk historie i mellomalderen. Gjennom fleire tiår var Helle dessutan ei formande kraft som redaktør og forfattar i ei rad større bokprosjekt som Aschehougs verdshistorie og noregshistorie, The Cambridge History of Scandinavia , Vestlandets historie og byhistoriene til Bergen og Stavanger.

Knut Helle var ein glimrande universitetslærar. For ei mengd hovudfags— og doktorgradsstudentar var han den grundige og vennlege rettleiaren. Og han har gitt kyndige råd om hundretals manuskript, som frå mange og ulike kantar hamna på hans skrivebord. Også formidling av faget til eit breiare historieinteressert publikum opptok han sterkt, og han vann prestisjetunge prisar for sine formidlingsevner.

For oss som hadde den lykke i livet å ha Knut Helle som nær venn og kollega, er det likevel først og fremst hans kvalitetar som medmenneske vi saknar aller mest når han no er borte for alltid. Men minnet lever.

På vegne av venner og kolleger ved Historisk institutt/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, UiB, Narve Bjørgo

Les mer om

  1. Nekrolog

Relevante artikler

  1. PERSONALIA

    – Aina hadde en personlig tilnærming til sitt fag, og i alle sine arbeider har hun hatt åpent blikk for medisinhistoriens sosiale side

  2. PERSONALIA

    Knut Utstein Kloster var den ærlige idealist som ville gjøre noe, fremfor å snakke.

  3. PERSONALIA

    Nekrolog: Yngvar Lundh

  4. PERSONALIA

    Nekrolog: Karl J. Baadsvik

  5. PERSONALIA

    Nekrolog: Liv Stabel

  6. PERSONALIA

    Nekrologer: Knut Bohwim